Fagstoff

Bulk- og tankgods

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Bulk- og tankgods blir transportert i tankar og lukka rom. Bulktransport betyr at godset blir transportert utan emballasje, og både tørre og flytande stoff kan bli transporterte på denne måten. Sement er eit tørt stoff som blir transportert laust i tankar, diesel er eit vått stoff som også blir transportert i tank. Ein kan utstyre både skip, bane og bilar for slike transportar.

Væsker som bensin, diesel og parafin kjem inn under føresegnene om farleg gods. Føresegnene for farleg gods på veg heiter ADR, for bane heter dei RID og for sjø IMDG. Merk at ved vegtransport blir det kravd at sjåføren har eit kompetansebevis for ADR-transport.

Tankbil.Tankbil.
Fotograf: Vegard Grøtt