Fagstoff

Termogods

Publisert: 04.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Termogods er gods som krev temperaturregulering undervegs. Slikt gods blir ofte kalla ATP-gods, og døme er frukt, grønsaker, kjøt og fisk. 

Det er strenge krav til korleis slikt gods skal transporterast, og ATP-avtalen gir føresegner for transportbehaldar, kjøle-/varmeanlegg og transporttemperatur. Det er fleire regelverk som kan regulere transporten og korleis lasta skal behandlast, mellom anna forskrift om næringsmiddelhygiene. Termogods blir transportert i bilar med aggregat, temperaturregulerte konteinarar, spesielle fryseskip (reefers) og på fly.

Termobil	Termobil.
Fotograf: Veøy AS