Fagstoff

Stykkgods

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Stykkgods kan vere alt frå den minste pakken til større kolli. Stykkgods er ueinsarta gods som alltid er merkt og i fast tilstand.  

Normalt er det sett ei vektgrense som skil stykkgods og partigods. Stykkgods kan ha ein annan takst enn partigods, og stykkgods må nokon gonger innom ein terminal før det blir levert til kunden. Partigods blir levert direkte på døra.

Stykkgods i konteinar.Stykkgods i konteinar.
Fotograf: Gunnar Ottesen
  

Stykkgods blir normalt transportert i ulike vekselbehaldarar, og det blir transportert på alle transportmidla – både bil, bane, sjø og fly. Stykkgods kan vere farleg gods, og då kan det bli kravd at føraren har eit kompetansebevis.