Fagstoff

Transporttekniske eigenskapar

Publisert: 04.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når ein skal planleggje transport av gods, er dei transporttekniske eigenskapane til godset det første ein må kjenne til.

Med dei transporttekniske eigenskapane til godset meiner vi dei fysiske særtrekka godset har som gjer det meir eigna for ei transport for enn for ei anna. Flytande gods må transporterast i tank, frysegods i temperaturregulerte transportmiddel, stykkgods i lukka rom og så bortetter.

Flytande gods må transporterast i tank. Flytande gods må transporterast i tank.
Fotograf: Bertil Ericson
                                  

Dei viktigaste transporttekniske eigenskapane er

  • tilstand (om godset er fast, flytande eller i gassform)
  • eigenvekta til godset
  • ømfintlegheit for påverknad (som lukt, smak, fukt og mekaniske påverknader)
  • i kor stor grad godset har skadevaldande evne, det vil seie om det kan skade anna gods
  • verdien på godset og kor lett det er å omsetje
  • mengd av godset på kort og lang sikt, kollivekt med meir
  • den økonomiske bereevna til godset

Ein må òg tenkje på kva for nokre transportmiddel som er tilgjengelege på den strekninga ein skal planleggje for, og kor lang transporttid som er akseptabel. Til dømes treng ofte skips- og oljeindustrien kostbart gods som det hastar å få levert, og då blir framføringstida spesielt viktig.