Fagstoff

Løyve

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når ein skal jobbe som vegtransportør, må ein først skaffe seg åtgang til yrket – eit løyve.

Løyve er ei tillating frå det offentlege om at ein får drive transport mot vederlag. Dei som køyrer pirattaxi, har ikkje løyve, medan dei som har toppskilt på bilen der det står «taxi», har løyve.

Føresegnene om kva for nokre transportar som krev løyve, finn du i lov om yrkestransport. 

For å få løyve må ein

  • ha god vandel
  • ha tilfredsstillande økonomisk evne
  • ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse
Løyvedokument for persontransportLøyvedokument for persontransport. 

Å ha god vandel betyr at ein ikkje har noko uoppgjort med styresmaktene. Er ein straffa for eit lovbrot, vil dette kunne hindre at ein får løyve til å drive transport.

Ein har tilfredsstillande økonomisk evne om ein kan stille den garantikapitalen som er kravd. Frå 1. januar 2010 til 31. desember 2014 er garantisummen 77 000 kroner for det første løyvet innan ein løyvekategori, og 43 000 kroner for dei resterande løyva i same løyvekategori. Sjå rundskriv N–4/2009  og rundskriv N–1/2010. Ein bank eller eit forsikringsselskap kan stille denne garantien mot eit årleg vederlag.

Kravet om kompetanse kan vere oppfylt om ein tek ei utdanning som er godkjend. Ei godkjend utdanning kan vere ei fjernundervising der ein studerer heime og tek ein eksamen til slutt. Vg1 Service og samferdsel + Vg2 Transport og logistikk saman med teorien til eit tungt førarkort (klassane C og D) dekkjer også krava.