Fagstoff

Køyre- og kviletid

Publisert: 06.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Den som køyrer tunge køyretøy, må ta nødvendige pausar og ikkje køyre for lenge.

Sjåføren skal følgje føresegnene om køyre- og kviletid. Køyreøktene skal aldri vere over 4 ½ time, og sjåføren skal ha ein pause på 45 minutt mellom øktene. Det er mogleg å dele øktene, og då skal sjåføren ta den lengste pausen på 15 minutt først, deretter 30 minutt. Etter kvart døgn skal sjåføren ha samanhengande kvile på 11 timar, som kan delast opp i 3 timar og 9 timar. Køyrer ein turar til utlandet, kan ein utsetje vekekvilen til den 12. dagen.

Når ein kjem til overnattingsstaden, skal sjåføren sjå over bussen, kanskje vaske og rydde, og gjere klart for neste dag.