Fagstoff

Rute med attraksjonar

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når ein planlegg turkøyring, må ein velje rute slik at dagsetappane blir passe lange og har innslag som er av interesse. På ei slik reise vil passasjerane oppleve det som verdifullt at ein namngir og seier litt om interessepunkt ein køyrer forbi på vegen.

Stigfossen i Trollstigen.Stigfossen i Trollstigen.
Fotograf: Bård Løken

Kva ein reknar som attraksjonar, varierer frå gruppe til gruppe og blir ei vurdering ein må gjere i kvart enkelt tilfelle. Nokre attraksjonar må ein stoppe ved, og då må ein klargjere dette på førehand, kanskje allereie når ein annonserer turen. Ein kan òg planleggje turen slik at ein tek raskaste veg mellom attraksjonane ein stoppar ved.