Fagstoff

Raskaste rute

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Skal ein planleggje ein rutetrasé, er det viktig å tenkje på korleis bebuarane i området skal få god nok transportstandard.

 

Folk går på buss
Fotograf: John Petter Reinertsen

Med transportstandard meiner vi kor enkelt det er å komme seg fram til bussen, kor ofte bussen går, kva materiell som blir nytta, og – ikkje minst – reisetida til endepunktet. I mange tilfelle bør ein både ha planlagt og ha etablert transportløysingane når eit område blir bygt ut. Viss ikkje finn bebuarane seg andre transportløysingar, og det blir vanskeleg å få kundegruppa til å endre transportmønster seinare.