Fagstoff

Rutetrafikk

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

I rutetrafikken er som kjent trafikken størst om morgonen og på ettermiddagen.

Om morgonen skal folk til skule og arbeid, og seinare på dagen skal dei heim att. Belegget på dei ulike transportmidla er størst og følgjeleg også i dei fleste tilfella dyrast.

Buss i rushtid
Fotograf: Arash A. Nejad

Det same skjer i helgane: Trafikken toppar seg fredag ettermiddag og måndag morgon.