Fagstoff

Reisa er eit mål

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når reisa er målet, må ein planleggje med tanke på opplevingar og trivsel.

På ein slik tur blir det svært viktig å gi ei god oppleving og få sveisa gruppa saman sosialt. Ledige sete på bussen gir moglegheiter for at passasjerane kan sirkulere, og det kan gi ein positiv effekt.

Flydalsjuvet i Geiranger.Flydalsjuvet i Geiranger.
Fotograf: Bård Løken

Hyppige stopp vil òg kunne bidra til ei raskare sosialisering enn om passasjerane berre blir sitjande på eit sete. Tenk gjennom kva du vil oppnå, og planlegg ut frå det.