Fagstoff

Eigna transportmiddel

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Klasse 1–3 buss

Når du no har fått kjennskap til gruppa du planlegg transport for, er det på tide å velje transportmiddel. 

Vi held oss framleis til vegtransport, for det er berre der du har eit fritt val. Klikk her for meir stoff om bussar. I køyretøyforskrifta er buss definert som bil for persontransport med over 8 sitjeplassar i tillegg til førarplassen. Alle bussar må godkjennast til sitt bruk, og vi deler bussar inn i tre klassar. 

Klasse 1 – bybussKlasse 1 – bybuss.
Fotograf: Leif Jørgen Ulvatne

Klasse 1 er bussar som har meir enn 45 % ståplassar. Dette er typisk bybussar med lågt innsteg og store dører, og seta er plasserte både på tvers og på langs av køyreretninga. Rullestolar blir plasserte med ryggen mot ryggen på ei seterekkje, og det skal vere låg knapp for stoppvarsel og ei sperre ein kan felle ned, som gjer at rullestolen ikkje kan velte.

Klasse 2 – «forstadsbuss»Klasse 2 – «forstadsbuss».
Fotograf: Leif Jørgen Ulvatne

Klasse 2 er bussar som har opptil 45 % ståplassar. Desse bussane har lågt innsteg, store dører og dårlegare komfort enn klasse 3-bussar. Bussar i klasse 2 blir ofte kalla for «forstadsbussar» og har noko betre komfort enn bybussar. Rullestolplassen er innretta som for klasse 1-buss.

Klasse 3 – langdistansebussKlasse 3 – langdistansebuss.
Fotograf: Øyvind Engan

Klasse 3 er bussar som blir brukte på lengre ruter og berre har sitjeplassar. Bussar i klasse 3 har ofte det same materiellet som blir brukt til turkøyring; her finn du normalt toalett, sikkerheitsbelte, kaffimaskin, leselys og stor bagasjeplass nedst. Når bussen blir brukt i rute, skal det vere plass for å sikre rullestol.

Skal turen gå til Tyskland, kan ein vurdere bussar som er godkjende for 100 kilometer på tyske motorvegar. Det er knytt ein del krav til korleis bussen skal vere utstyrt for å få Tempo 100-godkjenning (T-100). Ei slik godkjenning varer i tre år.