Fagstoff

Regionalt

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Regional transport betyr at transporten startar i ein region og endar opp i ein annan. Ei reise frå Austlandet til Vestlandet er ein regional transport. Dei same føresetnadene gjeld for regional planlegging som for lokal.

Når ein skal planleggje regionale transportar, er det naturleg å søkje den vegen til målet som tilfredsstiller krava våre på best måte. Det raskaste vil i dei fleste tilfella vere å følgje hovudvegane. Skal ein ha stopp ved attraksjonar på reisa, må ein finne ut om staden er tilgjengeleg for store og tunge køyretøy.

Dagens bussar kan vere for høge for nokre undergangar og tunnelar, men på hovudvegane skal ei høgd på 4 meter iallfall kunne gå fint. Statens vegvesen har kart og kan informere om slike avgrensingar.

Aksellasta kan òg by på problem. Moderne turbussar er i dag såpass tunge at det ikkje er sikkert dei kan brukast på lågare bruksklassar eller vegar med ei lågare tillaten aksellast enn 10 tonn. Derfor er det viktig å vite kva som er tillate på dei vegane ein planlegg å ferdast.

Buss på ferge
Fotograf: Helge Sunde
 

Mange strekningar er ferjefri, men ofte er det nødvendig å ta ei ferje. I nokre tilfelle har rutetransport føremoner og kan reservere plass, men det vanlegaste er å stille seg i ferjekø. Viss ein planlegg slik at det inngår ferje, er det smart å leggje inn såpass god tid at ein kjem langt fram i køen og dermed er sikker på å komme med.

Nyttige verktøy ein kan bruke når ein planlegg slik transport, er ruteplanleggjarar. Klikkar du her, kjem du til ruteplanleggjaren til Norges Automobilforbund. Det er lurt å planleggje etappevis. Eit av dei beste hjelpemidla når ein skal planleggje ei rute, er kanskje Google Earth, som ligg gratis på Internett. Her kan du planleggje, klikke på biletet og få informasjon om stoppestader med telefonnummer, få høgdekurvemeter og mykje meir. Ei GPS-navigasjonseining er òg eit godt hjelpemiddel i planlegginga.