Fagstoff

Lokalt

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når transport skal planleggjast lokalt, er det fleire ting ein må passe på.

For det første må ein avklare om transporten er løyvepliktig. Det er yrkestransportlova som regulerer dette. Klikk på lenkja, så finn du svaret i lova.

Ein må også avklare grunnlaget for verksemda. Viss ruta er ny eller går etter ein ny trasé, må ein kartleggje influensområdet og trafikkgrunnlaget i ruta. Med influensområdet meiner vi det området ruta vil betene. I byar vil dette vere nær køyreruta og kanskje 5–10 minutts gåavstand frå denne. Blir gåavstanden for lang, vil kundane søkje etter andre transportformer som blir opplevde som enklare.

Når det blir utvikla nye bydelar, er det viktig at ein utviklar eit godt transportapparat samtidig med busetnaden, slik at kundane venner seg til transporttilbodet. Viss ikkje vil andre transportformer vinne fram, og det blir vanskelegare å få kundane til å reise kollektivt.

Mange attraksjonar er vanskeleg tilgjengelege med store og tunge køyretøy.Mange attraksjonar er vanskeleg tilgjengelege med store og tunge køyretøy.
Fotograf: Dag Røttereng
   

Lokale turar kan vere enkle å planleggje. Ta eit fornuftig vegval som gjer miljøulempene transporten medfører, så små som råd. Hugs også på at det kan vere aktuelt å besøkje attraksjonar, og at ein del slike stader er vanskeleg tilgjengelege med store og tunge køyretøy. Pass derfor på at vegen ein skal køyre, er farbar med det køyretøyet transporten krev. Sjå denne filmen frå Trollstigen.

Er det transport om natta som skal planleggjast, vil det vere naturleg å tenkje gjennom kven som skal utføre transporten.