Fagstoff

Eldre

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Eldre menneske er det mindre uro med – dei vil ha ro og låg musikk og nyheiter på radioen. Men eldre kan ha problem med å bli sitjande roleg lenge.

Det kan derfor vere aktuelt å leggje inn hyppigare stopp der det er høve til å strekkje på beina. Når ein stoppar for mat- eller toalettpausar, vel ein gjerne stader som er lett tilgjengelege frå bussen.

Norske turister i Holland
Fotograf: Sigmund Krøvel-Velle

 

Det er også viktig å tenkje over at eldre kan få medisinske problem som krev ei løysing. Det kan derfor vere lurt å at reiseleiaren og bussjåføren er godt kjende med førstehjelp og kan løyse akutte medisinske problem.