Fagstoff

Ungdom

Publisert: 30.01.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Sjølv om dei fleste ungdommar er hyggelege menneske, kan dei vere ei meir utfordrande gruppe å transportere enn små barn.

Når ein planlegg transport av yngre menneske, må ein vere førebudd på høg latter, høglydt prating, musikkspeling og at dei ikkje alltid høyrer etter eller følgjer det som blir sagt og bestemt. Sjåføren bør derfor vere ein som kan snakke med ungdommen og få respekt. Det bør òg vere med føresette som kan setje grenser.

Skoleelever går på skolebussen om morgenen
Fotograf: Sigmund Krøvel-Velle

Det kan også vere vanskeleg å få samla gruppa igjen etter stopp, for då går dei gjerne på toalettet, handlar litt og så vidare. Det er derfor viktig at ting blir klargjorde og presiserte på førehand.

Klikk her og sjå på videoen, så vil du få eit bilete av kva for slags utfordringar som er knytte til transport av ungdom.