Fagstoff

Barn

Publisert: 05.02.2013, Oppdatert: 04.03.2017

Når du skal planleggje transport av menneske, må du vite kva for ei gruppe det er som skal transporterast.

Når du kjenner gruppa, kan du også planleggje betre ut frå dei ønska og behova gruppa har.

Barn går på bussen
Fotograf: Mike Schröder

Barn er leikande vesen som kan ha vanskar med å sitje i ro. Ved eit fast opplegg som skulekøyring eller liknande kan det vere lurt å møte gruppa før transporten tek til. Då kan barna få vite litt om arbeidet til sjåføren, trafikken og trafikkreglar og kva forventingar som blir stilte til dei som passasjerar. På lengre turar er det påkravd at det er med vaksne som kan halde styr på gruppa.

Klikk her og sjå videoen Skulebussen, der du får sjå fleire moment du må ta omsyn til.