Hopp til innhald

Fagstoff

Varekjøp fører til avfall og returtransportar

Her lærer du at avfall blir kjeldesortert i fraksjonar for deretter å bli transportert til attvinningsfabrikkar. Fabrikkane lagar om fraksjonane til nye råvarer.
Figuren viser at alt avfall frå verksemder og sluttbrukarar skal sorterast og vinnast att og gå inn i varekrinsløpet på nytt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste sluttbrukarar kjøper daglegvarer i nærbutikkar der dei bur. Faghandelsvarer kjøper vi i byar eller tettstader eller på nettet. Over tid skaper dette til saman store avfallsmengder som samfunnet må ta hand om på ein forsvarleg måte.

Kommunane har ansvaret for å samle inn alt hushaldsavfallet. Næringslivet må sjølv syte for å levere avfallet sitt til godkjende innsamlarar.

Avfallsinnsamlarane sorterer avfallet i ulike fraksjonar. Kvar fraksjon går deretter til ein attvinningsfabrikk.

denne lenkja kan du sjå korleis metallemballasje blir vunnen att, og korleis det attvunne råstoffet går inn i produksjonen av nye produkt.

Komprimerte aluminiumsboksar på eit gjenvinningsanlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt