Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av personlege, servicerelaterte hjelpemiddel under transport

Her lærer du korleis du kan bruke deg sjølv for å gi passasjerane tilleggstenester under transporten.
Sjåfør i førersetet på buss.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom persontransport berre hadde handla om å transportere personar frå A til B – berre kjernetenesta – hadde det ikkje spela så stor rolle korleis du utførte transportoppdraget. Slik er det ikkje. Som profesjonell yrkessjåfør skal du vere i stand til å bruke dine eigne ressursar til å gi passasjerane tilleggstenester under transport. Du har ikkje berre ei sjåførrolle, men også ei vertskapsrolle.

Det vil seie at du må kommunisere både verbalt og ikkje-verbalt på ein tillitvekkjande måte. På lengre ruter ventar passasjerane i dag å få informasjon om avgangs- og innkomsttider og korrespondansar med andre ruter undervegs. Derfor er det viktig at du informerer passasjerane på tidspunkt når du køyrer i eit oversiktleg trafikkmiljø.

Verbal kommunikasjon

Når du snakkar med ein passasjer, utøver du verbal kommunikasjon. Då er det viktig at du har merksemda retta mot passasjeren du snakkar til, forsøkjer å oppnå augekontakt og snakkar tydeleg. Inntrykket som passasjeren sit att med ut frå orda du bruker, betyr ikkje så mykje. Det gjer derimot kroppsspråket ditt.

Ikkje-verbal kommunikasjon eller kroppsspråk

Passasjerane du har rundt deg, observerer heile tida korleis du oppfører deg. Dei reagerer når du opptrer på ein måte som ikkje samsvarer med det dei forventar. Alle passasjerar er ulike. Somme blir utrygge dersom du ligg for nær køyretøyet framfor. Andre blir utrygge dersom dei ser at du pratar med nokon og ikkje fullt og heilt er konsentrert om trafikkbiletet. Derfor bør du ta full kontroll. Du er også med på å oppfylle behova til passasjerane ved å køyre mjukt. For passasjeren vil dette seie at transporten er komfortabel. Samtidig er ein mjuk køyrestil drivstofføkonomisk og sparer kostnader for transportselskapet.

Med andre ord kan vi seie at ein profesjonell sjåfør gir servicerelaterte tilleggstenester ved

  • å køyre mjukt
  • å konsentrere seg om trafikkmiljøet
  • å vere konsentrert om passasjerane ved på- og avstiging
  • å hjelpe personar som treng det
  • å sørgje for at det heile tida finst oppdatert reiseinformasjon i form av rutehefte, og at informasjonstavler og skilt er i orden
Kjør mykt og konsentrer deg om trafikkmiljøet.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddel