Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel ved persontransport

Her lærer du om ulike tekniske hjelpemiddel som moderne bussar er utstyrte med, og litt om bruken av dei.
Passasjer betaler med elektronisk periodekort på buss. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle transportkundar ventar i dag at dei skal få dekt transportbehova sine på ein god måte. Transportkundar har likevel ulike behov, og for å kunne innfri desse behova på ein god måte må du vere i stand til å identifisere dei. Til disposisjon for å innfri behova har du

  • tekniske hjelpemiddel i bussen
  • deg sjølv
  • det administrative støtteapparatet til arbeidsgivaren din
  • infrastrukturen rundt deg

Tabellen inneheld ei oversikt over dei viktigaste hjelpemidla. Tabellen er utforma som ei sjekkliste som både serviceavdelinga og du sjølv kan bruke for å kontrollere at hjelpemidla er ok. Mange hjelpemiddel må kontrollerast før bussen blir sett i rute. Mykje av utstyret i ein buss er det passasjerane sjølve som betener, og dette utstyret bør derfor fungere. Det er irriterande for ein passasjer om ikkje leselyset fungerer ein mørk kveld. Det er også irriterande om bussklokka viser feil tid, eller om anna utstyr ikkje fungerer som det skal. Overalt der det er montert sikkerheitsbelte, er det påbode å bruke dei. Ofte kan det vere manglar ved sikkerheitsbelta. Slike manglar må utbetrast før vogna blir sett i trafikk.

HjelpemiddelBrukarar som hjelpemidlet er meint forOK? (Ja/Nei)
OvervakingskameraSjåfør
KjettingarSjåfør ved glatt føre
SandstrøarSjåfør ved glatt føre
BrannsløkkarSjåførDato sist sjekka?
MikrofonAlle
KlokkeAlle
FørstehjelpsutstyrAlle
BagasjeromPassasjerar med bagasje
Kneling/lasterampeBrukarar med stokk og krykker, eldre passasjerar, passasjerar med barnevogn, rullestolbrukarar
BillettmaskinPassasjerar som ikkje har betalt på førehand
HittegodslapparAlle
«Eg reiser åleine»-lappBarn som reiser åleine
KortlesararAlle
ToalettAlleToalettpapir? Handsåpe?
Kaffi- og temaskinVaksne langreisepassasjerarVatn, koppar, filter?
SikkerheitsbelteAlle, der belte er montert
StoppknapparAlle
Regulerbare seteAlle
System for automatisk haldeplassannonseringAlle
TeleslyngeDøve
Rullestol- og lasterampeRullestolbrukarar og passasjerar med barnevogn
InternettPc- og mobiltelefonbrukarar med internettsamband
BussjukeposarAlle
SøppelposarAlle
Leselys i hattehylleAlle
Temperaturregulering – airconditionAlle
Skilt for neste stopp/haldeplassAlle (unnateke blinde og svaksynte)
TidstabellarAlle
SkiftplanarSjåførar
VognplanarSjåførar

Tabell: Oversikt over hjelpeutstyr som må fungere i ein buss

Selskapet du arbeider i, vil gi deg opplæring i bruken av dei ulike tekniske hjelpemidla. Dei personlege hjelpemidla du har, må du vere medviten om å bruke riktig i dei ulike situasjonane som kan oppstå.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Tekniske og servicerelaterte hjelpemiddel