Hopp til innhald

Fagstoff

Ran

Vi kallar det ran dersom ein skaffar seg ein ting som andre eig, med vald eller med truslar om vald. Eksempelvis er det ran – og ikkje tjuveri – dersom ein person har ein pistol i handa medan han krev å få pengar frå kassen på ein bensinstasjon.
Maskert mann
Opne bilete i eit nytt vindauge

§ 327 i straffelova handlar om ran, medan § 328 handlar om grovt ran. Vurderingane om eit ran er grovt eller ikkje, er avhengig av om det er brukt skytevåpen eller anna farleg reiskap, om ranet er nøye planlagt, om det er ran overfor forsvarslause personar, eller om det er snakk om store verdiar.

Kvar kan det skje ran?

Alle stader som oppbevarer kontantar.

Ransførebyggjande tiltak

  • å montere videokamera
  • å ha hyllehøgd på maks 1,20 m for å unngå at kundar kan vere usette
  • å ha god belysning ute og inne
  • å oppbevare så lite kontantar som mogleg i butikken
  • å ha setelboks (med tidslås)
  • å oppbevare nøklar i nøkkelskap
  • å låse bak- og mellomdører
  • å montere gitter
  • å ha fysiske avgrensingar framfor butikkar som gullsmedar o.l.
  • å ikkje sleppe inn kundar etter stengjetid
  • å bruke betalingsluke, f eks. på bensinstasjonar, etter kl. 23
  • å montere sladrespegel
  • å bruke høgdemålarar ved dørkarmar
  • å tilsetje vektarar som patruljerer
  • å kjenne til og kunne fylle inn signalementsskjema
  • å sørgje for opplæring i form av ransførebyggjande kurs o.l.

Framferd under ran

  • Bli der du er og ver roleg – frys stillinga.
  • Sjå på ranaren og vis at du har oppfatta han.
  • Vik blikket etter at du har sett på ranaren.
  • Gjer det ransmannen ber om, langsamt og synleg.
  • La ranaren sjå kva du gjer.
  • Ikkje spel helt.
  • Studer ranaren – du skal fylle ut signalementsskjema og vere vitne.
  • Slå alarm (112) når det er utan risiko for deg eller andre.

Når ranet er over

  • Viss fleire er i lokalet, bør éin ta leiinga.
  • Steng lokalet.
  • Kontakt politiet så raskt som mogleg for å gi opplysningar.
  • Gå ut med eit kvitt ark og vis fram dette, slik at folk ser at det er trygt å komme inn; ranaren er borte.
  • Prøv å observere fluktretninga.
  • Skriv ned det du har sett, i eit signalementsskjema.
  • Ikkje ta på tekniske spor.
  • Samle folk til briefing.

Ettervern

Kjenslene kjem først etter ranet. Erfaring viser at ran kan gi varige psykiske skadar for dei som har opplevd det. Det er då viktig å bli tatt vare på av profesjonelle (psykolog) og leiinga/medarbeidarar i bedrifta.

Handtering av media

  • Peik ut ein presseansvarleg.
  • Ver mentalt budd.
  • Avtal tid og stad med pressa.
  • Lag eventuelt ei pressemelding.
  • Samarbeid med politiet og vis til politiet.
  • Snakk sant.
  • Skjerm den som blei rana.
Svinn og ran
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelen anslår at dei årlege kostnadene knytt til butikktjuveri ligg i milliardklassen. I tillegg til varetapet kjem store summar som går med til tryggleiksarbeid, personellopplæring, førebygging og vakthald.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn