Hopp til innhald

Fagstoff

Svinn ved kassepunktet

Betalinga i ein butikk skjer ved det vi kallar kassepunktet. Her møtast kunde, butikktilsette og teknologi. Verdiar ved kassepunktet kan vi sikre mot svinn og tjuveri på mange måtar.
Kasseapparat
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkert kasseapparat

Kasseapparatet skal vere skjerma mot kundesida. Ein må kunne låse det og generelt stengje det når det ikkje skjer ei betaling. Butikken bør ha så lite veksel som mogleg i kassen om natta. Store setlar bør ein overføre til ein setelboks, nattsafe eller liknande.

Gode rutinar

Kassebehaldninga må ein telje opp kvar dag, og beløpet må ein avstemme mot utskrifta frå kassen. Førstemann på jobb neste dag må sjekke at behaldninga stemmer med det som den tilsette som stengde butikken dagen før, har ført opp. Viss fleire slår på kassen, bør ein ha kvart sitt passord for å kunne identifisere eventuelle feil eller personaltjuveri.

Kasseovervaking

Det er mogleg å bruke video for å overvake kasseområdet. Slag på kassen vil då bli synleg på ein videoskjerm ein annan stad enn ved kassen. Dette gjer ein for å kunne kontrollere, både i sanntid og ettertid. Dei tilsette skal vere kjende med at denne typen overvaking skjer.

Verdiskap /droppsafe

Ved oppbevaring av eit større kontantbeløp om natta må ein bruke godkjent verdiskap. Skapet bør stå i eit eige rom med kodelås. Nøkkel til verdiskapet må ein ikkje oppbevare i butikklokalet etter stengjetid.

Eit alternativ til verdiskap er å montere ein droppsafe. Det er ein liten safe inni ein større safe. Eit vaktselskap har nøkkel/kode til safen og tar med seg kontantane til banken for butikken.

Dersom tilsette leverer kontantar direkte i ein nattsafe i banken, bør det alltid vere to i følgje som gjer dette. Vidare bør dei variere tidspunktet dei leverer kontantane.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Førebygging av ran og svinn