Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forteljeposisjonar i krig

På tv-skjermen, i nettaviser og på filmlerretet kjempar forteljingar om livredde israelske familiar og lemlesta palestinske småbarn om sympatien vår. Kva for forteljarposisjonar bør journalistar og filmskaparar ta når dei formidlar historier frå krigen i Gaza?

Oppgåve 1. Observatør eller deltakar?

Dei fleste journalistar vel ei observerande rolle når dei formidlar kva som skjer i ein krig. Nokre journalistar og filmskaparar vel ei deltakande rolle.

  1. Kva går forskjellen ut på?
  2. Kvifor er objektivitet viktig i journalistikken?
  3. Finn døme på medietekstar som er sett frå eit deltakande perspektiv. Kva oppnår den som vel eit slikt perspektiv?

  4. Studer NRK-reportasjen "På hver sin side av grensen" frå krigen i Gaza hausten 2023. Kva trur du dei to journalistane ønsker å oppnå med denne forma for historieforteljing?

Oppgåve 2. Objektiv eller subjektiv journalistikk?

Sommaren 2014 rasa det ein debatt i sosiale medium om måten NRK-journalisten Sidsel Wold og TV 2-reporteren Fredrik Græsvik dekte krigshandlingane i Gaza på.

Les Aftenpostens artikkel "TV 2-reporter fikk over 2000 hatmeldinger".

  1. Kva gjekk kritikken ut på?
  2. Korleis reagerte Wold og Græsvik på hatmeldingar i sosiale medium?
  3. Bør det vere tillate for journalistar å ytre personlege kjensler på Facebook og Twitter samtidig som dei rapporterer for etablerte nyheitsmedium?

Oppgåve 3. Fakta eller krigspropaganda?

Propaganda er medviten manipulering av folks kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremme bestemde oppfatningar og handlingsmønster. Propaganda er ein viktig del av moderne krigføring. Derfor vil partane i ein konflikt alltid sørge for å gi media informasjon som styrker interessene deira og svekker motstandaren.

Les dei følgande to artiklane og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor må vi vere ekstra kritiske til nyheitsdekninga i ein krigssituasjon?

  2. Korleis vil du gå fram for å avsløre om eit nyheitsoppslag er sant eller falskt?

Ein mann ber eit såra barn i ein korridor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4. Narrativ i krig

I undervisningsvideoen kjem det fram at media ofte dekker krig og konfliktar i tråd med det som er det offisielle i deira eige land. Det viser seg att i dei bileta redaksjonane vel å publisere. Til dømes bruker BBC ofte "nøytrale" bilete av bygningar som blir bomba.

Studer val av bilete og videoklipp i norske nettaviser frå krigshandlingane i Gaza hausten 2023 (aktuelle søkeord: krig, 2023, Gaza). Kvifor trur du norske aviser har valt nettopp desse bileta?

Oppgåve 5. Dokumentar eller propaganda?

Sjå traileren til Vibeke Løkkebergs film Gazas tårer:

Løkkeberg omtaler sjølv filmen som ein dokumentarfilm. Enkelte kritikarar meiner perspektivet er så einsidig at filmen må karakteriserast som rein propaganda.

  1. Beskriv perspektivet som er brukt i filmtraileren.
  2. Kva grep bruker Løkkeberg for å skape sympati for den palestinske befolkninga i Gaza?
  3. Kvifor trur du nokon blir provoserte av denne filmen?
  4. Fortel denne filmen ei sann historie? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Ei historie kan forteljast på ulike måtar: i første eller tredje person, med eller utan innblikk i kva personane tenker, med eller utan synleg forteljar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2023

Læringsressursar

Krig, menneskerettar og propaganda