Hopp til innhald

Fagstoff

Sal i reiselivet

Kva er eigentleg eit reiselivsprodukt? Og er det nokon forskjell på å selje reiselivsprodukt og å selje andre produkt?
Danskebåten i solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aktørane i reiselivet

Reiselivsnæringa består av ei rekkje bransjar og aktørar. Når vi her omtaler sal i reiselivet, tek vi utgangspunkt i kjernenæringane i reiselivet.

Kjernenæringane i reiselivet

Transport, innkvartering, servering og attraksjonar er kjernenæringane i reiselivet. Turoperatørar, reisebyrå, transportselskap, overnattingsstader, restaurantar, museum, familieparkar, alpinanlegg, badeland og turistinformasjon er døme på aktørar innanfor kjernenæringane.

I tillegg til kjernenæringane har vi næringar som er indirekte knytte til reiselivet. Dette er næringar som leverer produkt til reiselivsbedrifter, og næringar som sel noko anna enn reiselivsprodukt, til dømes ulike varer, til folk som er på reise.

Reiselivsprodukt

Eit reiselivsprodukt er ofte ein kombinasjon av eit handgripeleg produkt og ulike tenester. Døme på handgripelege produkt er sete i fly, buss og bane, arkitektur, interiør og fasilitetar på hotell og restaurantar.

Det er lett å presentere handgripelege reiselivsprodukt ved å bruke video, bilete, illustrasjonar og skildringar. Mat og drikke er òg handgripeleg, men det er vanskelegare å formidle kvaliteten på mat gjennom bilete enn til dømes å presentere hotellfasilitetar.

Dei fleste som kjøper reiselivsprodukt, bruker internett til å finne ut mest mogleg om reisemålet, hotell, restaurantar, prisar og så vidare, før dei bestiller produktet. Kundevurderingar av reisemål, attraksjonar og hotell er òg lett tilgjengelege til dømes på Facebook og Tripadvisor.

Den enkle tilgangen til produktinformasjon på internett gjer at vi som sel reiselivsprodukt, til liks med dei fleste andre seljarar, må vere førebudde på at kundane våre har god kunnskap om produkta.

Flyvertinne som serverer drikke til flypassasjerar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å selje opplevingar

Å selje eit reiselivsprodukt handlar ofte om å selje ei oppleving. Dette kan gjere salsarbeidet meir krevjande. Vi må hugse på at ei reise er mykje meir enn sjølve kjerneproduktet. Det er òg opplevingane mellom dei som reiser saman, og mellom kunden og reiselivsmedarbeidaren.

Når vi sel ei flyreise, kan vi tenkje oss at kunden reknar sjølve transporten som berre ein liten del av produktet. Kunden legg òg vekt på det som skjer under kjøpsprosessen og undervegs på reisa: ei enkel og trygg bestilling, innsjekking, handtering av bagasje, servering om bord, transport til og frå flyplassen og så vidare.

På den same måten må vi gå ut ifrå at ein hotellgjest reknar sjølve rommet, senga og badet som berre ein del av produktet. Kunden legg òg vekt på tilleggsytingane, atmosfæren og servicen til hotellet. Kva som har størst betydning, er avhengig av kven kunden er – turist eller yrkesreisande, ung eller gammal, kvinne eller mann, åleine eller saman med familie. Å forstå ulike kundebehov er nøkkelen til å få til sal.

Sal innanfor reiselivet kan ofte vere prega av rettleiing, til dømes når ein servitør gir gjestar råd om mat og drikke, eller når ein reisekonsulent tilrår reisemål og utflukter.

Kor tilfreds kunden blir, kjem an på korleis han eller ho opplever kvalitet, leveringsdyktigheit, garantiar og service i samband med reisa.

Hugs

Service er ein viktig del av reiselivsproduktet, og salet er ikkje over når kunden har bestilt den handgripelege delen. Service kan ikkje produserast på førehand, illustrerast med foto eller prøvesmakast.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021

Læringsressursar

Salsprosessen