Fagstoff

Livsstilssjukdommar – respirasjon

Publisert: 14.11.2012, Oppdatert: 25.09.2017
Røyking

Når sjukdommar i respirasjonsorgana hemmar oksygenopptaket, kan det føre til alvorlege konsekvensar. Fleire av dei vanlegaste sjukdommane som rammar respirasjonsorgana, er ofte knytte til livsstil. Kva vi har i oss, kva måte vi lever på, og det ytre miljøet utgjer livsstilsfaktorar som påverkar disposisjonen vi har til å få sjukdommar som astma, lungekreft og KOLS.

Betente bronkierSamanlikning av ein normal og ein betent bronkie, for eksempel ved astma.  

Mor og barn som beskytter seg mot røyk.Passiv røyking kan òg føre til sjukdommar som astma og lungekreft. 

GruvearbeidereGruvearbeidarar er svært utsette for sjukdommar i respirasjonsorgana på grunn av støv og luftforureining. 

Reklame mot røykingSave your lungs – save your life. 

Skadde lungerLungene hos ein som har røykt mykje. 

KOLS kjem i første rekkje av:

tobakksrøyk

luftforureining

arvelege faktorar


Symptom på KOLS er:

– hoste

luftvegsinfeksjonar

tung pust

redusert fysisk yteevne

 

Astma

Astma er ein kronisk betennelse i luftvegane. Faktorar som kan medverke til at astma blir utvikla, er mellom anna husstøvmidd, pelsdyr som hund og katt, røyking og pollen.

Video om astma 

Lungebetennelse

Lungebetennelse er ein alvorleg infeksjon eller betennelse i lungene. Røykjarar får meir slim i luftvegane på grunn av betennelsar, og sidan flimmerhåra er svekte av røykinga, blir det vanskelegare å kvitte seg med slimet. Dette dannar grobotn for bakteriar.

Video om lungebetennelse 

Lungekreft

Lungekreft omfattar alle kreftformer i lungene og/eller luftvegane (bronkiane). Cirka 90 prosent av alle tilfelle av lungekreft er bronkialkreft. Sigarettrøyking er den absolutt viktigaste årsaka til lungekreft og er ansvarleg for 80–90 prosent av alle tilfelle.

Video om lungekreft 

KOLS og emfysem

KOLS, kronisk obstruktiv lungesjukdom, er ei samlenemning på sjukdommar som forårsakar redusert luftstraum gjennom luftvegane. Røyking er den viktigaste årsaka til KOLS, men luftforureining kan òg utløyse sjukdommen, spesielt i miljø med mykje støvpartiklar.

Emfysem er ein sjukdom der veggene mellom alveolane blir øydelagde slik at lungevolumet blir redusert. Dette skjer ved inhalering av skadelege stoff som for eksempel finst i sigarettrøyk.

Oppgåver
Relatert innhald

Fagstoff