Fagstoff

Utveksling og transport av gassar

Publisert: 14.11.2012, Oppdatert: 02.08.2017
Respirasjonssystemet

Når vi trekkjer pusten, strøymer luft med oksygen ned i lungene. Herfrå diffunderer oksygenet over i blodet som fraktar det til cellene der oksygenet blir forbrukt. I celler og vev er det overskot av avfallsstoffet karbondioksid. Det diffunderer derfor over i blodet. Når blodet passerer lungene, vil karbondioksidet diffundere frå blodet til alveolane, og det blir pusta ut.

Utveksling av oksygenUtveksling av oksygen. 

Blodåre med røde blodceller.Blodåre med raude blodceller. Mennesket har om lag 20–30 tusen milliardar raude blodceller som kvar har cirka 300 millionar hemoglobinmolekyl. 

Animasjon av korleis lungene verkar. Video om korleis lungene verkar.  

Fjellklatrere med oksygenmasker.Høgt over havet vil konsentrasjonen av oksygen i lufta minke, og mindre oksygen diffunderer over i blodet. Dette gjer at ein pustar hurtigare og kraftigare og blir fortare sliten. 

Marit BjørgenMaksimal evne til oksygenopptak er brukt som ein indikasjon på uthaldsnivået. 

Hemoglobin i røde blodcellerNår hemoglobinet gir frå seg oksygen til cellene, endrar det form. Dette gjer at det blir enklare for karbondioksid å binde seg til hemoglobinet, men det bind seg til ein annan del enn det oksygen gjer. Klikk på biletet for å sjå strukturendringane.

Lungene

I lungene tek blodet opp oksygen og kvittar seg med karbondioksid. Oksygenkonsentrasjonen er høgare i dei luftfylte alveolane enn i lungekapillærane. Oksygen vil derfor trengje gjennom dei tynne alveolveggene og over i lungekapillærane. Samtidig vil karbondioksid diffundere frå lungekapillærane til alveolane på grunn av at det er lågare konsentrasjon av karbondioksid der.

Cellene

I organa i kroppen blir oksygen gitt til cellene. Cellene forbruker heile tida oksygen i celleandinga, og det er derfor ein lågare oksygenkonsentrasjon der enn i kapillærane. Oksygen diffunderer følgjeleg frå blodet til cellene. Det er berre 25 prosent av oksygeninnhaldet i blodet som normalt diffunderer over til cellene, men ved hardt muskelarbeid eller når vi held pusten, kan heile 75 prosent av oksygenet diffundere over til cellene.

Under celleandinga blir karbondioksid produsert, noko som fører til ein høgare konsentrasjon av karbondioksid i cellene enn i blodet. Karbondioksid diffunderer derfor ut av cellene og over i blodet.

Transport av oksygen

95 prosent av oksygenet som diffunderer frå lungene til blodet, blir transportert med dei raude blodcellene der dei er bundne til hemoglobinet. Resten blir transportert laust i blodvæska.

Tegning av molekylstruktur i hemoglobin.Hemoglobin (Hb) i raude blodceller. Kvart Hb har fire jernatom som kvar kan binde eit oksygenmolekyl.    

Transport av karbondioksid

Karbondioksid blir transportert laust i blodet, bunde til hemoglobin (Hb) eller som hydrogenkarbonat (HCO3-).
Blodcelle i en blodåre med formler som viser hvordan karbondioksid løser seg i blodet.  Heile 65 prosent av karbondioksidgassen blir transportert som hydrogenkarbonat. Inne i dei raude blodcellene reagerer karbondioksid med vatn, og det blir danna karbonsyre som så blir spalta til hydrogenkarbonat og hydrogenion.

Omtrent 30 prosent av karbondioksidgassen frå cellene blir transporterte til lungene bunde til hemoglobin.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald

Fagstoff

Aktuelt stoff