Fagstoff

Respirasjonssystemet

Publisert: 13.11.2012, Oppdatert: 03.08.2017
Svømmeren Michael Phelps

Kvifor må vi puste? Alle cellene i kroppen må kontinuerleg få tilført oksygen slik at energi kan frigjerast frå næringsstoffa. I tillegg må dei kunne kvitte seg med karbondioksidet som blir danna. Utan energifrigjeringa klarer ikkje cellene å utføre oppgåvene sine. Utvekslinga av oksygen og karbondioksid mellom cellene i kroppen og omgivnadene blir kalla respirasjon.

Innvendig på luftrør. Foto.Innsida av eit luftrøyr er kledd med flimmerhår og slimproduserande celler. 

Luftrøret tatt av et elektronmikroskop. Foto.I luftrøyret er det cirka 20 bruskringar som hindrar det i å klappe saman. 

Menneskelunger. Illustrasjon.Den høgre lunga er delt inn i tre lappar, medan den venstre består av berre to lappar. Dette er fordi hjartet ligg meir over på den venstre sida og tek noko av plassen.  

Alveolene. Illustrasjon.Bronkiolane går over i alveolar der sjølve gassutvekslinga skjer.

 

Oppbygning

Respirasjon er utveksling av oksygen og karbondioksid, og for at gassane skal kunne transporterast inn og ut, treng dei eit transportsystem. Lufta blir transportert til lungene gjennom eit røyrsystem, luftvegane, som blir delt inn i dei øvre og dei nedre luftvegane.

Dei øvre luftvegane

Teikning av respirasjonssystemet. Illustrasjon.Oppbygging av respirasjonssystemet. Dei øvre luftvegane består av nasehola, munnhola, svelget og strupehovudet. I nasen og nasehola blir lufta reinsa, fukta og varma opp før ho passerer vidare gjennom svelget. Luftrøyret og matrøyret skil lag i strupen. Når vi svelgjer, vil strupelokket dekkje over luftrøyret, slik at mat og drikke ikkje kjem inn i luftvegane.

Dei nedre luftvegane

Dei nedre luftvegane består av luftrøyret og lungene.

Luftrøyret

Luftrøyret er bygd opp av hesteskoforma bruskringar som forsterkar og held luftrøyret ope. Innsida er kledd med slimhinneceller med flimmerhår som mellom anna hjelper med å transportere støv og partiklar opp til svelget slik at vi kan kvitte oss med det ved å hoste.

Lungene

Luftrøyret deler seg i to hovudbronkiar som går inn i høgre og venstre lunga. Der forgreinar hovudbronkiane seg i mindre og mindre luftrøyr som blir kalla bronkiolar.

Bronkiolane står i samband med små lungeblærer, alveolar, som minner om drueklasar. Lungene inneheld til saman 300 millionar alveolar som utgjer ei overflate tilsvarande storleiken på ein tennisbane. I tillegg til den store overflata er det kort avstand mellom alveolane og omkringliggjande kapillærar. Dette gir grunnlag for ei effektiv gassutveksling.

Lungene ligg i brysthola og er verna av brystkassenVeggene i brystkassen blir danna av ryggsøyla, ribbeina, brystbeinet og ribbeinsmusklane, medan mellomgolvet dannar botnen.. Dei er omgitte av ei dobbel bindevevshinne. Mellom hinnene er det væske som fungerer som glidemiddel ved rørsle. Den inste hinna er fast bunden til lungeoverflata, medan den ytste hinna er bunden til innsida av brystveggen.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald