Fagstoff

Pris for langsiktige transportoppdrag

Publisert: 04.12.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Forretningsmann

I dag inngår mange bedrifter ulike forsyningsnettverk. Her lærer du korleis alle må tilpasse seg kvarandre i slike nettverk for å kunne produsere til konkurransedyktige prisar.

Det er i dag vanleg at bedrifter inngår eit langsiktig samarbeid med eit nettverk av andre bedrifter. Dei tilpassar seg kvarandre slik at dei fungerer betre saman enn kvar for seg. Vi kallar slike tette samarbeidsformer for strategiske alliansar. I dag er det slike nettverk av bedrifter, meir enn enkeltbedrifter, som konkurrerer med kvarandre. Avgjerande for konkurranseevna til nettverka er den prisen dei kan tilby sluttkundane.

 Lastebilproduksjon
Fotograf: Patrick Seeger

Figuren nedanfor illustrerer eit nettverk av bedrifter som samarbeider. Nettverket produserer bilar. Monteringsfabrikken ligg i Tyskland og får komponentane sine frå ei rekkje komponentprodusentar.

Komponentprodusentane kjøper inn halvfabrikat frå leverandørane sine og gjer dei om til ferdige komponent. Halvfabrikatprodusentane får innsatsfaktorane sine frå råvareprodusentane.

Skissa viser eit nettverk av bedrifter som samarbeider om å produsere og selje bilar. Dei blå linjene markerer transport.Skissa viser eit nettverk av bedrifter som samarbeider om å produsere og selje bilar. Dei blå linjene markerer transport.
Opphavsmann: Gunnar Ottesen
  

Dei ferdige bilane blir selde gjennom forhandlarapparatet til bilfabrikken. For kvart land finst det ein hovudimportør eller generalimportør som igjen sel bilane vidare via lokale bilforhandlarar i dei enkelte landa.

På den neste figuren har vi lagt inn ei kurve med raudt som illustrerer korleis produksjonskostnadene aukar utover i produksjonskjeda. Når dei ferdige bilane er framme hos forhandlarane, har bilane pådrege seg betydelege kostnader.

I ein konkurranseutsett marknad må prisen på dei ferdige bilane setjast slik at bilane blir moglege å selje. For å makte dette blir heile produksjonsnettverket kontinuerleg pressa på pris. Her ser du eit døme der det er marknaden som set prisen du kan ta for eit sluttprodukt.

Den raude linja viser korleis kostnadene stig for kvart produksjonstrinn.Den raude linja viser korleis kostnadene stig for kvart produksjonstrinn.
Opphavsmann: Gunnar Ottesen
  

Heiltrekte raude linjer representerer kostnadsauken ved produsent- og salsledda. Stipla raude linjer representerer kostnadsauken ved transport framover i nettverket. Alle aktørane i nettverket bidreg til at kostnadene aukar, og alle aktørane må ta sin del av ansvaret for at kostnadene på sluttprodukta ikkje skal bli for høge.

Samarbeidet i slike nettverk regulerer medlemmene gjennom avtalar der dei forpliktar seg til å gjennomføre nødvendige tiltak for å oppnå konkurransedyktige prisar.