Fagstoff

Døme på ein sjølvkostkalkyle

Publisert: 04.12.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Forretningsmann

Her lærer du å kalkulere eit transportoppdrag ved hjelp av ein sjølvkostkalkyle.

 

Ein transportør får spørsmål om å ta på seg transport av 3 m3 frå A til B. Distansen er 100 km. Det oppstår ingen særkostnader på strekninga. Lasta veg 5 tonn. Årleg køyrelengd for bilen er 100 000 km.

Vi går ut frå at transportøren ikkje kan kombinere dette oppdraget med andre oppdrag, fordi det legg beslag på 3 m3 eller 5 tonn av lastekapasiteten. Vi må derfor kalkulere oppdraget slik at dei totale kostnadene blir dekte fullt ut.

 

 

Transportøren startar med å kalkulere dei faste kostnadene slik:

Skjema for utrekning av faste kostnaderKr
Årlege lønnskostnader (basert på gjeldande lønnsavtale)320 000
Årlege sosiale kostnader (i prosent av årlege lønnskostnader) 
Feriepengar 12,0 %38 400
Pensjonskostnader 6,0 % (avhengig av pensjonsforsikring)19 200
Sjukelønnskostnader 2,0 % (normalt påslag)6 400
Permisjonskostnader 1,0 % (avhengig av tariffavtale)3 200
Sum lønnskostnader387 200
Arbeidsgivaravgift 14,1 % av sum lønnskostnader (avhengig av sone)54 595
Sum lønn og sosiale kostnader441 795
Årleg kostnad yrkesskadeforsikring (frå forsikringsselskap)2 500
Årleg kostnad bedriftshelseteneste (frå bedriftshelseteneste)1 500
Trafikkforsikring motorvogn (årsavgift avhengig av motorvogntype)2 200
Bilforsikring (kasko – premiebeløp fra forsikringsselskap)5 000
Vektårsavgift (avhengig av biltype)5 000
Sum faste kostnader457 995
  
Årleg køyrelengd 100 000 km 
Faste kostnader per km eksklusiv meirverdiavgift:  457 995 kr : 100 0004,58
Faste kostnader per km inklusiv meirverdiavgift (+ 25 %)5,72

Tabell: Utrekning av faste kostnader per kilometer

Skjema for utrekning av variable kostnader per kmKr per km
Drivstofforbruk 4 liter diesel à 14,00 kr per mil5,60
Dekkslitasje per kilometer0,50
Olje0,80
Service1,00
Sum variable kostnader per kilometer eksklusiv meirverdiavgift7,90
Sum variable kostnader per kilometer inklusiv meirverdiavgift (+ 25 %)9,88

Tabell: Utrekning av variable kostnader per kilometer

 Samanstilling til total kostnad per kmKr per km

Faste kostnader4,58
+Variable kostnader7,90
+Særkostnader0,00
=Totale kostnader eksklusiv meirverdiavgift12,48
 Totale kostnader inklusiv meirverdiavgift (+ 25 %)15,60

Tabell: Utrekning av totale kostnader per kilometer

Skjema for samanstilling av endeleg prisKr
Pris for oppdraget utan forteneste: 100 km x 12,481 248,00
Forteneste (til dømes 10 %):124, 80
Sum pris for oppdraget eksklusiv meirverdiavgift1 372,80
25 % meirverdiavgift343,20
Pris for oppdraget inklusiv meirverdiavgift1 716,00
Tabell: Utrekning av pris for oppdraget inklusiv forteneste og meirverdiavgift