Fagstoff

Prising av partigods

Publisert: 04.12.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Forretningsmann

Her lærer du korleis transportørar priser partigods.

Partigods er gods som går direkte frå avsendaren til mottakaren utan terminalbehandling. Slikt gods er ofte palletert. Kvar pall tek opp ein del av det totale transportvolumet i konteinaren.

For transportøren er det viktig å få betalt for heile transportvolumet. Vi kan oppgi volumet i kubikkmeter og rekne ut ei frakt i samsvar med det. Vi kan også bruke omgrepet lastemeter og rekne ut frakt etter kor mange lastemeter godset tek opp.

Det er vanlig å rekne ut frakt etter lastmeter.Det er vanlig å rekne ut frakt etter lastmeter.
Opphavsmann: Gunnar Ottesen
  

Dei fleste bruker i dag semitrailerar. Ein semitrailer har ei innvendig lastelengd på 13,6 m (det vil seie 13,6 lastemeter) og ei innvendig breidd på 2,4 m, medan den innvendige høgda kan variere frå 2,3 til 3,0 m.

Døme

Vi tek utgangspunkt i ein semitrailer med desse innvendige måla: 13,6 m lengd, 2,4 m breidd og 2,3 m høgd.

Slik kan kapasiteten vere i ein vanleg semitrailer.Slik kan kapasiteten vere i ein vanleg semitrailer.
Opphavsmann: Gunnar Ottesen
   

Totalt lastevolum blir:

13,6 m x 2,3 m x 2,4 m = 75,072 m3

Samla lastekapasitet kan til dømes vere oppgitt til 25 tonn i vognkortet. Ved å fordele dei 25 tonna på dei 75 m3 (25 tonn : 75 = 0,333 tonn = 333 kg), får vi at 1 m3 lastevolum tilsvarer 333 kg, som er eit vanlig brukt fraktrekningsmål for lettgods.

I staden for å rekne om frå volum til fraktrekningsvekt kunne vi ha rekna om frå lastemeter til fraktrekningsvekt. Éin lastemeter tek opp eit volum på 5,52 m3 (1,0 m x 2,4 m x 2,3 m = 5,52 m3).

Når eit lastevolum på 1 m3 veg 333 kg, vil eit lastevolum på 5,52 m3 (som tilsvarer 1 lastemeter) vege 333 kg x 5,52 = 1838 kg.

I praksis bruker transportørane fraktrekningsvekter på 1850 kg per lastemeter for europatrafikken sin med semitrailerar og 2000 kg for Norden-transportar (vogntog).

Vi kan no også rekne ut fraktrekningsvekt per pallplass. Ein vanleg europall har ytre mål på 1,2 m x 0,8 m. Desse kan vi laste anten tre ved sida av kvarandre eller to i breida. Vi får då tre pallar på 1,2 lastemeter eller to pallar på 0,8 lastemeter. Gjennomsnittleg tek då kvar pall opp 0,4 lastemeter.

Fraktrekningsvekt for éin pall blir då:

innan Norden:           

2000 kg per lastemeter x 0,4 lastemeter = 800 kg

til Europa elles:  

1850 kg per lastemeter x 0,4 lastemeter = 740 kg