Hopp til innhald

Fagstoff

Prissetjing av enkeltsendingar

Her lærer du korleis transportbedrifter lagar prisregulativ for transport av enkeltsendingar frå privatkundar.
Regnskapsblad, briller og penn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samlastspeditørar tek på seg transport av mindre kolli frå mange avsendarar til mange mottakarar. Gods som blir sendt med same fraktbrev, kallar vi for ei sending. Ei sending kan derfor bestå av fleire kolli. Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å prissetje kvar sending for seg. I staden utarbeider samlastspeditørane fraktregulativ som viser kva det kostar å frakte sendingar i ulike vektgrupper over ulike avstandar.

Regulativa består av ein sonetabell og ein frakttabell. Sonetabellen fortel kor mange fraktsoner det er mellom ulike byar og tettstader. Frakttabellen fortel prisen for å sende eit tal kilo over eit tal soner. Ved å kombinere dei to tabellane finn vi lett fram til prisen.

Frakttabell (pris i kroner)

Antall soner
0-10 kg
10-20 kg
20-30 kg
30-40 kg
40-50 kg
50-75 kg
Osv.
15060708090100
260708090100110
38090100110120130
4100110120130140150
5120130140150160170
6140150160170180190
Osv.

Sonetabell

Fra/TilArendalBergenDrammenFlekkefjordFredrikstadGrimstad
Arendal17535
2
Bergen7176
97
Drammen571433
Flekkefjord364163
Fredrikstad593615
Grimstad273351

Oppgåve

Bruk dømetabellane og finn ut kva det kostar å sende eit kolli på 55 kg frå Bergen til Flekkefjord.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar