Hopp til innhald

Fagstoff

Kjøpsåtferd på bedriftsmarknaden

Ideelt sett skjer innkjøpa til ei bedrift på ein objektiv måte der innkjøpar vurderer pris, leveringstryggleik, feilprosent og ulike kvalitetar ved vara før han bestemme seg for om han skal kjøpe, og i så fall frå kva leverandør.
Avtale om kjøp av bolig
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om vi i utgangspunktet ser på bedriftsmarknaden som ein rasjonell marknad, må vi hugse på at dei som handlar inn til bedrifter, også er menneske, med alt det fører med seg. Ein rasjonell innkjøpar tek avgjerder som er baserte på fornuft og er økonomisk fordelaktige. Ei bedrift som skal kjøpe inn råvarer til eigen produksjon, bruker ofte mykje tid og ressursar på å sikre ein så god avtale som råd.

Samanlikna med forbrukarmarknaden er det relativt få kundar på bedriftsmarknaden. Til gjengjeld er kundane ofte store, det vil seie at kjøpa deira utgjer store delar av omsetnaden til leverandøren.

Sel bedrifta varer som er ei råvare i produksjonsprosessen til kunden, har kjøpet gjerne mykje å seie. Er kvaliteten for dårleg og leveransane for usikre, får det store konsekvensar for kunden i bedriftsmarknaden. Det inneber at handelen han ha mykje å seie for både kjøpar og seljar.

Kvar bedriftskunde er derfor ofte viktig for leverandøren, og krev god oppfølging og service frå seljarane til leverandøren.

Konjunkturar

Etterspurnaden etter varer på bedriftsmarknaden er påverka av Er det dårlege tider og bedriftene slit med å få selt varene sine, kjøper dei inn mindre av dei råvarene dei treng til å produsere varene. Økonomiske konjunkturar kan derfor gi svært store utslag i bedriftsmarknaden.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018

Læringsressursar

Kjøpsåtferd