Fagstoff

Strikka klassikar – Marius-genseren

Publisert: 25.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
 Marius-skin til iPhonen fra designeren Paal's Hens of Norway

Det var mykje som klaffa då Marius-genseren blei lansert for omkring 60 år sidan. Ein ambisiøs designar, kjendisar og produktplassering spelte hovudrollene i suksesshistoria som ser ut til å halde fram inn i framtida. Marius-genseren har brukt tida godt og held framleis koken etter nesten 60 år.

Strikkeoppskrift på Marius genserStrikkeoppskrift på Marius gensar   

Her er den originale oppskrifta frå 1954. Ho kosta 30 øre, men prisen steig til 50 øre allereie året etterpå. Marius Eriksen blei ansiktet til genseren på oppskrifta og i filmen Troll i ord.

Strikkemote

– Strikk var på moten, og Marius-genseren var noko av det første som slo an. Mønsteret har henta inspirasjon frå norsk  strikketradisjon, men Marius-genseren blei kopla med noko moderne, ungt, sprekt og sporty, seier direktør Marit Jacobsen i Norges Husflidslag.

Alpinist og OL-vinnar (1952) Stein Eriksen var mellom dei første som blei avbilda med designar Unn Søiland sin Marius-genser frå 1953 – før oppskrifta kom på marknaden. Men det var broren, Marius Eriksen, som blei ansiktet til genseren på strikkeoppskrifta.

Søiland hadde nemleg fått i oppdrag å kle opp skodespelarane i Troll i ord. Filmen skildra kjærleik i fjellheimen, og her spelte Marius Eriksen rolla som den kjekke skilæraren. Kledd i Marius-genser pryda han strikkeoppskrifta då ho blei utgitt av Sandnes Uldvarefabrik (seinare SandnesGarn) samtidig med filmen. Henki Kolstad og danske Jytte Ibsen var òg mellom skodespelarane som bar plagga til designaren i filmen. I dag er Marius-mønsteret det mest selde og strikka i Noreg.

Barn hilser på sauBarn helse på sau  

Marius-genseren er blitt den mest populære strikkegenseren i Noreg. No nærmar det seg 60 år sidan oppskrifta kom på marknaden og alle kunne strikke sin eigen versjon.

 

 

Reodor Felgen i Flåklypa Grand PrixReodor Felgen i Flåklypa Grand Prix

 

Neste år er det premiere på Jul i Flåklypa, der vi igjen møter Solan og Ludvig og Reodor Felgen. Reodor har òg fått på seg ein Marius-genser.

 

 

Politikarstrikk

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland (til venstre) har late seg avbilde med ein Marius-genser. Biletet er teke i desember 1986.

Flaggfargar

Unn Søiland var allereie eit kjent namn. (Ho tok namnet Dale på 1960-talet, og namnet har ingenting med Dale of Norway å gjere). Det første gensermønsteret til designaren, «Eskimo», hadde slått an utanfor landegrensene òg. Og «Slalom», designa til OL i 1952, var det første som bar fargane til det norske flagget.

Oppskriftene, som alle blei kjøpte opp og vidareselde av Sandnes Uldvarefabrik, hjelpte fabrikken med garnsalet. Tilbake fekk Søiland rabatt på garnet ho trong til si eiga bedrift. Ho gjorde forretning med handstrikkersker over heile landet, som produserte genserar mot garn, oppskrift og honorar.

Også Vigdis Yran Dale, dottera til Søiland, trur det er fleire  grunnar til at Marius-genseren er blitt så populær.

– Mønsteret er vakkert, reint, enkelt og godt komponert. Bruken av flaggfargane var ei total fornying den gongen og slo godt an. Mønsteret har lenkjer inn i setesdalsmønsteret, men bordane er ryddigare, og det er enklare å strikke. Du ser tidleg dersom det blir feil, seier dottera, som driv Lillunn a/s Design of Norway, bedrifta som blei starta av mora.

Designaren fekk òg garnprodusenten til å lage garn med andre fargar enn det som hadde vore vanleg på denne typen strikketøy.

– Det blei mote med knæsje fargar, held Yran Dale fram.

Gro Harlem Bruntland i Marius genserGro Harlem Bruntland  

Strikket body til babyStrikka body til baby  

Merket Ugly Childrens Clothing har late seg inspirere av Marius-mønsteret. Denne bodyen kostar cirka 230 kroner. Merket i samarbeid med Lillunn fekk designprisen Merket for god design våren 2012 for ein ullkolleksjon med Marius-mønsteret.

 

 

Hund med strikket genserHund med strikka gensar  

Det er ikkje berre menneske som passar i Marius-mønster. Denne hunden har fått seg ein varm og mjuk genser.

Tidlaus

Marius-genseren har gjennom åra vore gjenstand for konflikt rundt opphav og rettar. Men SandnesGarn har alltid hatt eineretten til sal av Marius-strikkeoppskrifter og Lillunn retten til bruk av mønsteret på produkt for sal.

Det er uansett eit uomtvisteleg faktum at Marius-genseren og mønsteret stadig har fått fornya popularitet. No viser bloggarar rundt om i landet villig fram dei siste mariusstrikkedådane sine på nettet, og den ferske Marius strikkebok med fleire titals oppskrifter er allereie trykt opp i andre opplag.

At mønsteret, eller variantar av det, har blitt løfta fram av ulike designarar i nyare tid, har nok òg hjelpt godt for 60-åringen. I dag finst det mellom anna sengetøy, koppar, iPhone- utstyr,  collegejakker og sparkebukser med mariusinspirert mønster.

– Marius-genseren er tidlaus, og tidlause ting kjem igjen og igjen. Eg hugsar at han fekk eit oppsving på 1970-talet òg. Mønsteret har vore der, men fasongane har variert, seier Jacobsen i
Norges Husflidslag.

Strikket cover til iPhoneStrikka cover til iPhone   

Relatert innhald

Generelt