Fagstoff

Kommunikasjon og kultur – innleiing

Publisert: 29.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Tagging på murvegg

Programfaget kommunikasjon og kultur 3 er eitt av to programfag som byggjer vidare på kommunikasjon og kultur 1. Medan kommunikasjon og kultur 2 er meir tekstorientert, går vi i dette kurset i hovudsak djupare i ulike former for kommunikasjon og korleis kulturelle faktorer påverkar mellommenneskelege relasjonar og sosiale strukturar.

Under skal vi bli kjende med kompetansemåla i faget og jobbe med sentrale omgrep.

Kompetansemåla i læreplanen for kommunikasjon og kultur 3 (Udir.no ) blir delt inn i to hovuddelar: kultur-og kommunikasjonsteori og kommunikasjon.

1) For kultur- og kommunikasjonsteori fins følgjande kompetansemål:

  • gjøre rede for ulike teoriar om forholdet mellom kultur og kommunikasjon
  • analysere og drøfte korleis kommunikasjon påverkar mellommenneskelege relasjonar og sosiale strukturar
  • analysere og drøfte korleis kommunikasjon vert påverka av sosiale faktorar
  • drøfte samanhengen mellom kulturelle verdiar og formar før kommunikasjon innafor og mellom kulturar

KulturmøteKulturmøte  Læreplanen presiserer at eit viktig hovudområde er korleis kulturelle faktorar påverkar kommunikasjon. Det blir og lagt vekt på kulturelle verdiar som er sentrale for ulike former for kommunikasjon, og kva  for utfordringar ulike kulturmøte representerer. Aktuelle kommunikasjonsteoriar som blir nemnde, er samtaleanalyse, pragmatikk og semiotikk.

Oppgåver: Kommunikasjons- og kulturteori

  1. Sjå på læreplanen her: Kompetansemål kommunikasjon- og kultur 3. Under hovudområde blir det nemnt døme på kulturelle faktorar som påverkar kommunikasjonen vår. Kva for døme blir nemnt?
  2. Diskuter korleis desse kulturelle faktorane kan påverke kommunikasjon. Har de nokre døme?
  3. Diskuter kva kulturelle verdiar er, og korleis dei påverkar kommunikasjonen vår.
  4. Bruk fagsidene våre på NDLA eller andre oppslagsverk og finn korte omtalar av kva pragmatikk, semiotikk og samtaleanalyse (ofte kalla diskurs-) er.

2) For kommunikasjon er desse kompetansemåla aktuelle:

  • velge ut egnede analysemetoder fra ulike kommunikasjonsteorier og bruke dem på forskjellige typer kommunikasjon
  • gjøre rede for samspillet mellom språklige og ikke-språklige uttrykksformer i ulike kommunikasjonsprosesser
  • gi eksempler på og drøfte ulike mediers muligheter og begrensinger for ulike former for kommunikasjon
  • analysere språklige mønstre og samtaleformer i kommunikative aktiviteter i ulike situasjoner
  • samle inn et datamateriale fra autentiske kommunikasjonssituasjoner og presentere muntlig en analyse av det
  • gjennomføre en presentasjon om kulturell identitet og/eller kulturforskjeller

alle former for kommunikasjonAlle former for kommunikasjon  Sentralt i dette hovudområdet er kommunikasjonsprosessar og sosial samhandling i ulike samanhengar, sjangrar og situasjonar. Alle former for kommunikasjon som skaper og opprettheld sosiale relasjonar og kva rolle media har, skal bli drøfta.

Oppgåver: Kommunikasjon

  1. Diskuter kva kulturell identitet er. Har de nokre døme på kva som er viktig for kulturell identitet?
  2. I samband med media, skal ein i dette kurset sjå på "muligheter og begrensninger for ulike former for kommunikasjon". Kva trur de ein tenkjer på her? Har de nokre døme på kommunikasjonsmessige mulegheiter og hindringar til dømes i samband med sosiale media?
  3. Kommunikasjon som "skaper og opprettholder sosiale relasjoner" er eit hovudområde. Kva slags kommunikasjon trur de ein tenkjer på her? Læreplanen gir nokre døme under Kompetansemål kommunikasjon- og kultur 3.

Oppgåver: Sentrale omgrep

I kommunikasjon og kultur 1 gjekk vi gjennom nokre sentrale omgrep relatert til kultur. Individuelt kan de no ta for dykk eitt sentralt omgrep. Finn ein definisjon og 1-2 døme på bruk av omgrepet. Definisjonen kan de sitere frå kjelda dykkar, men hugs å oppgi kjelda på korrekt måte. Bruk fagsider på NDLA og andre oppslagsverk. Etter å ha presentert arbeidet dykkar, kan de publisere klassearbeidet med kulturomgrepet i eigen wiki, på læringsarenaen dykkar, klasseblogg eller eventuelt Facebook-sida til faget.

  • dynamisk kulturomgrep
  • normativt kulturomgrep
  • deskriptivt kulturomgrep
  • etnosentrisme
  • kulturrelativisme
  • ukultur 
  • finkultur
  • kulturkollisjon
  • kulturmøte
  • kulturavstand
  • interkulturell (kommunikasjon)
  • intrakulturell (kommunikasjon)
  • kulturfilter
  • utvida kulturomgrep
  • tverrkulturell
  • fleirkulturell
  • subkultur

Interaktiv ordliste

Prøv denne ordlista for å øve deg på sentrale omgrep

Repetisjon av omgrep

Prøv denne quizen for å repetere omgrep frå kurset i kommunikasjon og kultur 1. Kryss av for rett svar:

MyTask - trykk på ikonet for å åpneMyTask - trykk på ikonet for å åpne