Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lever du i ei filterboble?

Fleire har testa ut teorien til Eli Pariser om at vi alle lever i ei filterboble. Ikkje alle har fått stadfesta at det eksisterer ei filterboble.
To personar surfar på PC med Google-logoen i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Test teorien om filterbobler

Søk

Klassen deler seg i grupper på tre eller fire elevar. Kvar gruppe skriv inn desse søkjeorda på Google:

  • Greta Thunberg
  • musikk
  • pizza
  • haustmote (eventuelt vårmote)
  • høgrepolitikk
  • NDLA

Samanlikn søkeresultat

  • Kor mange treff fekk de for kvart søkjeord?
  • Samanlikn dei 20 første søkjetreffa. Har nokon fått ulikt resultat?
  • Forklar eventuelt kva grunnen kan vere til at søkjeresultata er ulike.

Diskuter i klassen

Dersom det eksisterer ei «filterboble», kva for nokre følgjer kan det få for dykk som brukarar og for samfunnet vi lever i?

Relatert innhald

Når du søkjer på Google, sørgjer ein algoritme for å gi deg informasjon som stemmer med synspunkta som inngår i brukarprofilen din. Er det så farleg, då?

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2018

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga