Hopp til innhald

Fagstoff

Varekostnadsbudsjettet

Salsbudsjettet er ei oversikt over salet av varer og tenester basert på dei prisane marknaden er villig til å betale. Varekostnadsbudsjettet inneheld «dei same varene», men dei er rekna om til inntakskost. Vi snakkar altså om vareforbruket.
Frustrert dame som sitter ved et bord med en sparegris foran seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er naturleg at det er innkjøpsavdelinga som reknar ut varekostnadene ettersom det er denne avdelinga som forhandlar fram innkjøpa frå leverandørane.

Arbeidet med utrekning av varekostnadene

Birger Innkjøp forhandlar kontinuerleg med leverandørane til bedrifta om dei beste innkjøpsavtalane. Dette dreier seg både om årsavtalar, kvantumrabattar og gode prisar på enkeltkjøp.

Ettersom han no har motteke ei budsjettert omsetning per varegruppe for neste år, vil han ganske sikkert kunne rekne ut innkjøpskostnadene for desse varegruppene. Han tek også omsyn til kostnader som frakt, toll og så vidare som er knytt direkte til innkjøpa.

Dekningsbidraget på dei enkelte produkta kan variere, men den totale dekningsgraden per varegruppe er relativt stabil. Han sjekkar dette med dei gjeldande avtalane. Han ser at det er grunnlag for å redusere varekostnadene med 0,3 til 0,9 prosent på dei forskjellige gruppene. Totalt sett utgjer dette 0,5 prosent.

Dekningsgraden på montasjen er rekna som 100 prosent ettersom kundane blir belasta for alt verkstadmateriell.

Han er særs nøgd med jobben. Oppsettet han sender til Per Leiar, ser slik ut:

Budsjett for neste år – inntekter og varekostnad

Tal i heile tusen1. kvartal2. kvartal3. kvartal4. kvartalÅret
Salsomsetning3.0004.8002.4006.00016.200
– Varekostnad1.9503.1201.5603.90010.530
+ Montasje5501.0008001.4503.800
TOTALT DB1.6002.6801.6403.5509.470

Per Leiar har all grunn til å vere nøgd med det han les. Han sender oversiktene vidare til rekneskapssjef Ulla Rekneskap som skal leggje inn dei faste kostnadene. Når ho er ferdig, har bedrifta eit komplett resultatbudsjett.

Oppgåve

Korleis verkar det inn på dekningsgraden om varekostnadene blir reduserte med 0,5 prosent?

Rekn ut dekningsgraden per månad og per år. Kva ser du?

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Budsjettering