Hopp til innhald

Fagstoff

Salsbudsjettet

Når du skal budsjettere, er det naturleg å starte med salsbudsjettet. Salsbudsjett er ein økonomisk plan for forventa salsinntekter for ein periode. Det er i dette delbudsjettet vi definerer neste års aktivitet. Det aktivitetsnivået bedrifta bestemmer seg for, vil verke inn på heile kostnadsnivået.
Kvinne som held ein kalkulator og ser på mange ulike grafar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan gjerne omtale det å rekne ut inntektene som flaskehalsen i budsjettarbeidet. Er inntektsnivået fastsett, er den største utfordringa løyst.

Arbeidet med å rekne ut inntektene

Nina Sal ønskjer å bruke den same demokratiske framgangsmåten som Per Leiar brukte. Ho vil involvere alle i avdelinga si.

Ho kallar inn til eit møte same veka og fortel dei tilsette at Per ser særs optimistisk på moglegheitene i marknaden – både når det gjeld omsetninga, og når det gjeld marknadsdelar.

Nina har fem seljarar i avdelinga si. Ivar Montør deltek også på møtet. Dei tre montørane hans kunne ikkje delta grunna sterkt arbeidspress. Gruppa gjer framlegg om at bedrifta bør tilsetje to seljarar og ein montør ekstra.

Ei veke seinare har Nina sett opp eit framlegg til salsbudsjett der to nye seljarar og ein ny montør er rekna med.

I salsbudsjettet har ho teke omsyn til den omsetninga kvar seljar har hatt til no, og dei signala dei sjølv har gitt om kva kapasitet dei har. Ho har også sett nøye på dei sesongsvingingane som er i bransjen, med toppar i andre og fjerde kvartal.

Nina Sal lagar ei oversikt over omsetninga for året som er. Sidan året ikkje er over enno, har ho laga ein for dei tre siste månadene. Bedrifta opererer med fire varegrupper. Salsomsetninga er budsjettert per varegruppe.

Deretter har ho sett opp budsjettet per månad og har også teke omsyn til periodiseringar – altså at alle inntektene er plasserte i den månaden dei høyrer heime. Til dømes kjem dei høgaste inntektene i andre og fjerde kvartal. I tillegg har ho teke omsyn til at dei nye seljarane og den nye montøren treng opplæring og dermed ikkje kan vere fullt produktive i den første perioden.

Framlegget ser slik ut (vi har av omsyn til plassen sett det opp kvartalsvis og med samla omsetning for alle varegruppene):

Inneverande år (med prognose ut året)

Tal i heile tusen1. kvartal2. kvartal3. kvartal4. kvartalÅret
Salsomsetning2.5004.0002.0005.00013.500
Montasje5008006001.1003.000
TOTALT3.0004.8002.6006.10016.500

Budsjett for neste år – inntekter

Tal i hele tusen1. kvartal2. kvartal3. kvartal4. kvartalÅret
Salsomsetning3.0004.8002.4006.00016.200
Montasje5501.0008001.4503.800
TOTALT3.5505.8003.2007.45020.000

Nina sender budsjettframlegget til Per Leiar. Han godkjenner det som er gjort – så langt – og sender det vidare til Birger Innkjøp.

Tenk over

Synest du at auken i omsetning står i samsvar med auken i mannskap?

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Budsjettering