Hopp til innhald

Fagstoff

Salspresentasjonar

Det finst mange digitale program som eignar seg til presentasjonar. Vanlegvis blir det brukt ei form for projektor, men det er også mogleg å lage presentasjonar som berre skal visast på dataskjermen eller skrivast ut.
Forretningskvinne holder presentasjon for kollegaer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er presentasjonsverktøy?

Presentasjonsverktøy er reiskap eller dataprogram som bl.a. seljarar kan bruke for å formidle ein bodskap til kundar. Eksempel på nokre vanlege presentasjonsprogram:

  • PowerPoint (pc og Apple Mac)
  • OpenOffice Impress (pc, Apple Mac og Linux)
  • Keynote (iPad og Apple Mac)
  • Documents To Go (smarttelefonar og nettbrett)
  • Google Dokumenter (Internett)

Eit dokument som er laga i eit program, kan som regel bli opna og redigert i eit anna.

Repetisjon: Presentasjonsprogram.

Planlegging av salspresentasjonar

Presentasjonen av eit produkt bør vere mest mogleg lik verkelegheita. Det beste er å vise fram sjølve produktet. Eit presentasjonsprogram kan vi sjå på som ei erstatning når vi ikkje får demonstrert produktet. Tekst og bilete må vere nøye tilpassa målgruppa, innhaldet og situasjonen.

Planlegginga av ein salspresentasjon er langt på veg felles med ein kva som helst annan presentasjon. Du kan repetere førebuingar til presentasjonar og planlegging av lysbilete her: Førebu innhaldet i presentasjonen og Planleggje lysbileta.

Presentasjon av salsbodskapen

Bruk av eit program som gir moglegheit til visualisering, kan vere eit kraftfullt salsverktøy, spesielt overfor store bedriftskundar som har trena innkjøparar. Det kan vere til presentasjonar av samansette produkt, for eksempel konferansar med transport, konferanserom, overnatting og servering. Litt avhengig av kva vi skal presentere, kan fordelane bl.a. vere:

  • Visualisering: Bruk av foto og video kan gi att verkelegheita ganske realistisk. Animasjonar kan gi eit godt bilete av fasilitetane i eit hotell.
  • Påverkinga skjer både rasjonelt og emosjonelt.
  • Effektivitet/produktivitet: Det er raskare og billegare å bruke presentasjonsverktøy enn å «prøvesmake» transport, hotellrom og andre reiselivsprodukt.

Føremålet med presentasjonen er å støtte den verbale framstillinga til seljaren for å gi kunden eit godt grunnlag for å ta ei avgjerd. Husk å sjekke på førehand at kunden har sett av tid til presentasjonen.

Tips for salspresentasjonar

Det kan vere kort mellom fiasko og suksess i ein presentasjon. Lag eit talemanus i form av stikkord. Digitale verktøy er upersonlege og må ikkje komme i staden for personleg relasjonsbygging. For å unngå at presentasjonen blir ein einetale, må vi tenkje på korleis vi kan få i stand ein dialog med kunden. Det sikraste er å førebu spørsmål og å ta korte pausar. Gå nøye gjennom presentasjonen på førehand, så du veit kva du skal seie, korleis du skal seie det, og kor lang tid det tar.

Tenk over

Teknologien er sårbar. Ver ute i god tid for å forsikre deg om at det tekniske utstyret verkar. Ta alltid med backup-materiell, så blir du ikkje hjelpelaus viss teknologien sviktar.

Relatert innhald

Oppgåve der du skal planlegge, utforme og framføre ein salspresentasjon.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Sals- og presentasjonsteknikk