Hopp til innhald

Fagstoff

Bruksrettleiing, åtvaringsmerking og tryggleikssetningar

Her lærer du om kva spesielle merkekrav som gjeld for produkt som har eit skadepotensial.
CE-merket. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

EU har fastsett krav for produksjon av produktgrupper som kan vere farlege i bruk. Noreg er nøydd til å følgje dei same krava. Krava er fastsette i ulike typegodkjenningsstandardar. Ei bedrift som produserer pc-ar, må produsere desse i samsvar med EU sin typegodkjenningsstandard for pc-ar.

Nokre døme på produktgrupper der EU har fastsett krav som bedriftene må oppfylle, er

  • leiketøy
  • elektriske lågspenningsprodukt
  • førstehjelpsutstyr
  • personleg verneutstyr

Kjem du på fleire?

Alle slike produkt skal vere utstyrte med CE-merking. I tillegg skal det følgje med ei samsvarserklæring. Samsvarserklæringa er eit dokument som inneheld informasjon om kva slags typegodkjenningsstandard produktet oppfyller.

Alle vareprodusentar og vareformidlarar har produktansvar. Dette betyr at dei har ansvar for at eit produkt er trygt i bruk og ikkje medfører helsefare. Om nokon skulle bli skadd eller pådra seg helseskade ved normal bruk av eit produkt, kan den skadde saksøkje produsenten eller seljaren og krevje erstatning.

Produsentane lagar derfor bruksrettleiingar som fortel korleis produkta skal brukast. I tillegg gir dei informasjon som åtvarar mot feil bruk (faremerking), og tryggleiksmerking med informasjon om tiltak ved skade.

Lenkje:

Fakta om CE-merking frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Emballering og klargjøring