Hopp til innhald

Fagstoff

Emballasje som vernar mot statisk elektrisitet

Følsom elektronikk trenger antistatisk emballasje (ESD-emballasje).
Store pakker på transportbånd. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektrostatiske utladingar kan skade elektronikk og føre til gneistedanningar.

Slike ladingar kan byggjast opp i din eigen kropp og deretter bli utladd i kontakt med eit anna objekt, til dømes ein elektronikk-komponent.

Produkt som ikkje toler elektrostatiske utladingar, vil ofte vere merkte med symbolet du ser ved å trykke på lenka i margen.

Du kan unngå elektrostatiske utladingar på to måtar:

  1. Du kan lade ut den statiske elektrisiteten i kroppen din før du rører elektroniske komponent, ved å ta på eit jorda metallobjekt. Sidan elektrostatiske utladingar skaper gneistedanning under sjølve utladinga, skal tankbilar med brennbare væsker alltid jordast før tappinga tek til.
  2. Du kan pakke følsam elektronikk i antistatisk emballasje. Om du kjøper ein pc eller ein mobiltelefon, vil du sjå at desse er emballerte med antistatisk plast.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring