Hopp til innhald

Fagstoff

Budsjettering - eit teamarbeid

Ulike medarbeidarar kan bidra med ulik kompetanse. Eit team som samarbeider godt, kan derfor gjere ein betre jobb enn ein som arbeider aleine. Budsjett er eit teamarbeid, og i dette emnet skal vi følgje ein eksempelbedrift for å vise dette i praksis.
Kvinne som tek notat på pc.Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan sjå føre oss ei mellomstor handelsbedrift som sel og monterer tryggleiksutstyr til bedrifter. Vi kallar bedrifta «On the alert».

I denne bedrifta er desse personane involverte i arbeidet med budsjettet:

Dagleg leiar – Per Leiar
Salssjef – Nina Sal
Leiar for montørane – Ivar Montør
Innkjøpssjef – Birger Innkjøp

Rekneskapssjef – Ulla Rekneskap
It-assistent – Nils It-assistent

Vi skal sjå at desse til saman har all den kompetansen som er nødvendig for å lage eit budsjett – dei utgjer eit komplett team for budsjettarbeidet.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.06.2018

Læringsressursar

Budsjettering