Fagstoff

Løfteutstyr

Publisert: 15.11.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Tømmertransport.

Her skal vi sjå korleis løfteutstyret er delt inn i klassar. Vi skal også sjå kva slags opplæring ein treng for å bruke utstyret, og kva løftekapasitet utstyret har.

Lenkjer:

Kranvelt 

Linde truck, del 1 

G1 mobilkranG1 mobilkran
Fotograf: Angerman AS
 

G8 lastebilkranG8 lastebilkran
Fotograf: Angerman AS
  

TraverskranTraverskran
Fotograf: Angerman AS
 

Klassifisering

Ulike typar kraner har kvart sitt bruksområde. Nedanfor ser du korleis kraner og utstyr er delte inn i klassar:

G1 – mobilkran
G2 – tårnkran
G3 – sving-/portalkran
G4 – bru-/traverskran
G5 – offshorekran
G6 – flytekran
G7 – vinsjar, spel, taljar
G8 – lastebilkran
G9 – kabelkran
G10 – handdriven kran
G11 – løftereiskap
G12 – studio- og sceneriggar
G20 – anna

Klikk på lenkja "Linde truck, del 1".

Opplæring

Ein treng sertifiserende sikkerhetsopplæring for å kunne bruke kran, og det er få unnatak frå denne regelen. Eitt unnatak gjeld lastebilmonterte kraner med ein kapasitet på mindre enn 2000 Nm. Ein treng likevel dokumentert tryggleiksopplæring.

Du må også ha dokumentert tryggleiksopplæring om du ikkje køyrer krana, men hukar lasten fast i kroken. I alle tilfelle må ein ha opplæring i å bruke kran eller løftereiskap. Mange vel då å gå på kurs, sjølv om arbeidsgivaren kan gi opplæringa viss han fyller krava.

Kapasiteten til ei kran

Vi angir kapasiteten til ei kran i moment. Momentet er produktet av krafta (tyngda) og armen, og måleeininga er newtonmeter (Nm). Eigentleg er dette det maksimale veltemomentet krana toler. På kort arm løfter ho mykje, mens ho på lengre arm løfter mindre.

Viss ei kran er på 20 000 Nm, vil det seie at ho løfter 20 000 N (ca. 2000 kg) på 1 m arm, mens ho løfter 5000 N (ca. 500 kg) på 4 m.