Hopp til innhald

Fagstoff

Rasisme?

Også i Noreg finst det folk som er rasistar, og som derfor er imot innvandrarar frå framande kulturar. Dei meiner at ”rasen” vår er betre enn andre ”rasar”, og at dei derfor har rett til å undertrykkje dei. Ja, ikkje berre rett – for somme er det ei plikt: Dersom vi ikkje held ”rasen” vår rein for smitte og oppblanding, kan han bli forgifta av blodet til dei mindreverdige og gå til grunne.
rasisme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordet ”rase” minner oss om at det er synlege biologiske skilnader mellom menneska, som alle høyrer til den same arten. Den svenske botanikaren Carl von Linné, som levde på 1700-talet, var den første som prøvde å dele menneska på jorda inn i grupper etter biologiske kjenneteikn. For omtrent hundre år sidan var det nokså vanleg å dele menneska inn i fire opphavlege ”rasar”. Ein snakka om den kaukasoide eller kvite rasen, den mongolske eller gule, den negroide eller svarte og den australoide (til dømes urfolket i Australia). Seinare har forskarar prøvt seg på å dele menneska inn i fem hovudgrupper etter fysiske eller biologiske kjenneteikn. Andre har rekna med 30 slike grupper.

Forsøka på å dele inn menneske i grupper på denne måten har altså ikkje akkurat vore vellykka. At mange er forvirra, forstår vi når vi høyrer at det framleis er somme som omtaler jødane som ein rase, slik Hitler og dei tyske nazistane gjorde det i mellomkrigstida. Men jødane er ei folkegruppe med ein felles religion. For å bli rekna som jøde må ein person ha jødiske foreldre eller ha gått over til jødedommen.

Nazistane snakka også om ”den ariske rasen”. Ariarane er eit fellesnamn på dei folka som snakkar dei indiske og iranske språka. Ein ariar er altså ein som høyrer til ei folkegruppe.

Pålitelege forskarar bruker i dag ikkje omgrepet ”rase” når dei prøver å finne årsakene til kulturskilnader mellom menneske. Ein grunn til det er at folk frå dei ulike gruppene i tusenvis av år har blanda seg med kvarandre. Å snakke om ”reine rasar” vert dermed tøv. Ein annan grunn til at desse forskarane ikkje bruker raseomgrepet, er at skilnadene mellom individa innanfor ei såkalla rasegruppe kan vere større enn skilnadene mellom slike grupper. Dette gjeld også ytre trekk.

Når forskarane i dag bruker ordet ”rase”, er det for å studere rasistiske oppfatningar blant folk, kva som kan vere grunnane til dei og følgjene av slike oppfatningar. Forskaren Thomas Hylland Eriksen definerer rasisme slik: "Rasisme er trua på at ulike folkeslag har ulike personlege eigenskapar, at dei heilt eller delvis kjem av medfødde skilnader, og at den rasen ein sjølv høyrer til, er betre enn alle andre." Hylland Eriksen legg til: ”Det er ikkje vanskeleg å argumentere mot slike synspunkt, til dømes ved å vise at det som ein reknar som rasemessig, har med kultur å gjere, altså at det som tilsynelatande er medfødd, faktisk er lært.”

Dei nazistiske raseteoriane i mellomkrigstida er eit tragisk døme på rasisme. Nazistane rangerte ”rasane” etter kor dyktige dei meinte dei var. ”Den ariske rasen” vart kalla kulturskapande og var den beste eller mest høgtståande av alle. Til denne ”rasen” høyrde tyskarane og andre nordeuropearar av såkalla germansk ætt, mellom anna nordmenn.
Under den kulturskapande ”rasen” kom den kulturberande. Han var ikkje i stand til å skape noko sjølv, men kunne formidle vidare det andre skapte. Til denne ”rasen” høyrde dei slaviske folkeslaga, meinte nazistane. Nedst kom mellom anna jødane og sigøynarane. Dei høyrde til den kulturøydeleggjande rasen, og han måtte utryddast. Dersom det ikkje skjedde, ville dei høgverdige kulturane gå under på grunn av raseblanding og forgifting av blodet.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.06.2017

Læringsressursar

Mangfald og endring