Hopp til innhald

Fagstoff

Kanalar ved profesjonelle innkjøp

Tidlegare var det vanleg å kjøpe reiser og overnatting via reisebyrå. I dag er tilbod lett tilgjengeleg på Internett. Her ser vi på kjøpsåtferd i samband med innkjøp av transport og hotellopphald i profesjonelle marknader.
Forretningspendlere går av toget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva blir vektlagt ved transport?

Mange norske verksemder, både private og offentlege, har mykje reiseverksemd både innanlands og utanlands. I dag er tilbod på transport lett tilgjengeleg på Internett. Innkjøparar kan samanlikne prisar på tilgjengelege tog- og flyreiser. For verksemder med stor reiseverksemd er pris viktig.

Yrkesreiser er ofte knytte til møter, interne eller med samarbeidspartnarar, kundar og forretningskontaktar. Mange oppfattar reisetida som sløsing med verdifull tid. Hyppige avgangar, kort reisetid og punktlegheit er viktig.

Kva blir vektlagt ved hotellopphald?

Undersøkingar blant forretningsgjester på hotell viser at vi kan segmentere yrkesreisande på grunnlag av korleis dei vektlegg fem forhold – i prioritert rekkjefølgje:

  1. arbeidsmoglegheiter
  2. service
  3. mat
  4. romstandard
  5. aktivitetar og underhaldning

Det er verdt å merkje seg at det største segmentet i undersøkinga (608 personar, eller nøyaktig 50 prosent av utvalet) prioriterer arbeidsmoglegheiter høgast. Det nest største segmentet (309 personar) meiner at service betyr mykje.

Arbeidsmoglegheiter og god service er viktig både for enkeltpersonar og grupper som deltek på kurs og konferansar.

Kanalar for profesjonelle innkjøp

Det kan vere tidkrevjande å finne passande tilbod innanfor reiselivet, spesielt ved innkjøp av komplette «pakker» for kurs og konferansar. I denne marknaden er det sterk konkurranse.

Hotell har konkurranse frå båtar som tilbyr komplette konferanseopplegg. Mange flyselskap sel «pakker» med transport og overnatting. Reiser til billege utland kan i visse tilfelle konkurrere med norske tilbydarar. Dette gjer innkjøp enklare, billegare og mindre tidkrevjande.

Innkjøparar veit at prisar og kvalitet kan varierer mykje.

Mange bedrifter bruker derfor reisebyrå eller konsulent for å finne passande tilbod. For nokre år sidan var det vanleg å bestille alle reiselivsprodukt via reisebyrå. I dag har Internett gjort det enklare å bestille på eiga hand.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Kjøpsåtferd