Fagstoff

Formeiring hos karsporeplantar

Publisert: 03.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Forhistorisk bregneskog

Karsporeplantane hadde storheitstida si for cirka 300 millionar år sidan. Karsporeplantane har leidningsvev (kar) til indre transport av vatn og næringsstoff, og dei formeirar og spreier seg med sporar. Sporofytten er den dominerande fasen i generasjonsvekslinga, mens gametofytten er liten, kortliva og vanlegvis frittlevande.

Gametofytt hos bregne.Bregner har ein liten hjarteforma gametofytt.
Fotograf: Velela

 

Sporehus hos sisselrotSporehusa hos bregnane sit ofte i grupper som blir kalla sporehushopar (sori).
Fotograf: Alf Jacob Nilsen
 

 

Lusegras med sporehus.Sporehusa hos lusegras sit enkeltvis i bladhjørna.   

Karsporeplantane er avhengige av vatn i den kjønna formeiringa. Sædcellene må symje over til arkegoniet for å befrukte eggcella.

DvergjamneDvergjamne er ein av få karsporeplantar med heterospori, produksjon av to typar sporar som spirer til eigne hann- og hogametofyttar. Dette finn vi òg hos frøplantane.      

Vegetativ formering hos bregner.Vegetativ formeiring hos bregnen Asplenium bulbiferum: Dei små miniatyrbregnane som veks på bregneblada, fell ned på bakken og kan etablere seg som sjølvstendige plantar.         

Generasjonsveksling hos karsporeplantar

Generasjonsveksling hos alle karsporeplantar følgjer det same grunnmønsteret. Vi bruker bregnen sisselrot som eksempel.

Sisselrot-sporofytten har sporehus på undersida av blada samla i sporehushopar (sori). Haploide sporar blir produserte ved meiose og spreidde med vinden når sporehusa sprekk opp. Sporane spirer til ein liten hjerteforma gametofytt med både hannlege og holege kjønnsorgan (anteridium og arkegonium) på undersida. Desse produserer hannlege og holege kjønnsceller ved mitose. Den hannlege kjønnscella er avhengig av vatn for å bevege seg over til eggcella i eit arkegonium. Den befrukta eggcella, ein diploid zygote, veks til ein ny sporofytt ved gjentekne mitosar. Gametofytten visnar vekk.

Generasjonsveksling hos bregner.Generasjonsveksling hos bregnen sisselrot.
Sisselrot unngår sjølvbefruktning ved at sædceller og eggceller blir modna til ulik tid, eller ved å skilje ut stoff som hemmar sjølvbefruktning.

 

Ulike grupper karsporeplantar

Karsporeplantane blir ofte delte i tre grupper: kråkefotplantar, snelleplantar og bregneplantar. Sporehusa er plasserte ulike stader på sporofytten hos dei tre gruppene.

  

   

  

Ukjønna formeiring hos karsporeplantar

Kråkefotplantar kan òg formeire seg ukjønna (vegetativt). Hos lusegrasslekta finn vi ofte yngleknoppar i bladhjørna. Sneller og kråkeføter og mange bregnar har dessutan utstrekt vegetativ vekst ved jordstenglar. Dette kan gi opphav til vegetativ formeiring dersom jordstengelen blir broten, slik at dei nye individa blir sjølvstendige.