Kvifor finn vi tunnelbanar berre i Oslo, og kvifor er kollektivtrafikken i dei andre byane våre nesten berre basert på buss? Figuren nedanfor kan gje oss svar på spørsmålet.
Ein normalbuss har kapasitet til å ta unna cirka 90 passasjerar per avgang (sitje- og ståplassar), ein forstadsbuss tar cirka 50 passasjerar (berre sitjeplassar). Med avgangar kvart femte minutt (12 avgangar per time) gir dette ein kapasitet på cirka 1000 passasjerar i timen med normalbuss og cirka 600 passasjerar i timen med forstadsbuss.
Figuren ovanfor illustrerer resultata frå ei undersøking i Stockholm på slutten av 1980-talet. Resultata er framleis gyldige.
Som du ser, kan kollektive transportmiddel ta unna ulike passasjermengder i rushtida. Tabellen nedanfor summerer tala.
Transportmiddel | Infrastruktur | Kapasitet per linje per time (tal passasjerar) |
---|---|---|
Normalbuss | Veg (bakkeplan) | 1 000 |
Leddbuss | Veg (bakkeplan) | 2 500 |
Sporvogn | Sporveg (bakkeplan) | 1 000 |
Leddsporvogn | Sporveg (bakkeplan) | 6 000 |
Pendeltog | Skinnegang (bakkeplan) | 5 000 |
Tunnelbane | Skinnegang (under bakkeplan) | 20 000 |
Tabell: Kapasitetstal for ulike kollektivtransportmiddel