Fagstoff

Formeiring hos mosar

Publisert: 27.09.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Sporehuset hos mose

Mosar er enkelt bygde landplantar utan ekte leidningsvev. Dei formeirar og spreier seg med sporar. I generasjonsvekslinga hos mosane er gametofytten den mest dominerande og iaugefallande fasen som òg driv fotosyntese. Sporofytten er kortliva og fest til gametofytten som han er avhengig av gjennom heile livsløpet. Denne kjønna formeiringa er avhengig av vatn. Ukjønna formeiring er òg svært vanleg hos mange mosar.

Korleis ein bladmose er bygd opp:

Mosenes bygning.Gametofytten manglar ekte røter og leidningsvev, men har ofte rhizoidar som rotliknande festeordningar. Sporofytten veks ut frå gametofytten der befruktninga skjer. Sporane blir danna i sporehuset øvst på sporofytten.  

 

Bjøremose sett ovenfraHannleg bjørnemose med kjønnsorgan (anteridia) omgitte av vernande bladstrukturar.   

 

Tvaremose med grokornskålerTvaremose har grokornskåler til vegetativ formeiring. Stilkstrukturen er ikkje ein sporofytt, men ein del av gametofytten. Kjønnsorgana blir danna på undersida av parasollen. 

Generasjonsveksling hos mosar

På den grøne gametofytten blir det danna fleircella kjønnsorgan. Dei holege (arkegonia) og hannlege (anteridia) kjønnsorgana blir utvikla ulike stader på same planten eller på forskjellige plantar. Dei hannlege kjønnscellene er avhengige av vatn for å kunne bevege seg til ei holeg eggcelle. Befruktninga skjer i arkegoniet og dannar ein diploid zygote som veks til ein sporofytt. Sporofytten er fest til gametofytten og får vatn og næring frå denne gjennom livsløpet.

Stilken på sporofytten lyfter sporehuset opp slik at sporane får eit betre utgangspunkt for spreiing. Haploide sporar blir danna ved meiose og spreidde hovudsakleg med vind i tørt vêr. Ein spore spirer til ein forgreina celletråd, og herfrå veks ein ny grøn gametofytt, og livssyklusen er fullført.

Generasjonsveksling hos mose.Generasjonsveksling hos bjørnemose.
Opphavsmann: Knut Høihjelle
 

Ukjønna formeiring

Mange mosar formeirar seg ukjønna, og hos somme blir det sjeldan danna sporofyttar. I arktiske, alpine og tørre strøk er det vanleg at delar av mosen kan losne og spreie seg ved fragmentering. Somme mosar dannar vegetative formeiringsorgan frå stengelen eller blada. Desse miniplantane losnar og veks opp til sjølvstendige individ. Somme mosar har små skåler på overflata med grokorn som kan spire til nye moseplantar.

 

Avhengige av vatn

Den kjønna formeiringa hos mosar er avhengig av vatn, og derfor finn vi ofte mosar i fuktige miljø. Mosane toler trass i dette å tørke heilt ut og kan kvikne til og ta opp att livsfunksjonane ved ny tilgang på vatn. Sporane kan òg vere spiredyktige i fleire år etter at dei er spreidde.