Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjon til passasjerar som spør om gjeldande taxfree-kvote

Ved internasjonal transport kan passasjerar ta med seg ein tollfri kvote av varer kjøpt i utlandet inn til Noreg. Her lærer du om kva reglar som gjeld, slik at du kan informere om gjeldande tollfrikvote.
Passasjerer foran tollkontroll i passasjerterminal. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passasjerar som har med seg tollpliktige varer på reiser inn til Norge, pliktar å gå på raud sone og betale toll for varene. Andre passasjerar går på grøn sone.

Tollvesenet har gitt ut ein eigen brosjyre som gir eit oversyn over kva ein passasjer kan innføre tollfritt etter å ha vore ute av landet i minst 24 timar. Reglane gjeld ikkje for yrkessjåførar under utføring av yrket.

Du finn reglane for kva ein kan importere tollfritt, i lenkja ”Kvote for reisande” i margen.

Det er også reglar for kva ein kan ta med seg ut av landet på reiser. Desse reglane finn du i lenkja ”Reise frå Noreg” i margen.

Lenkje

Kvote for reisande

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar