Hopp til innhald

Fagstoff

Rusa passasjerar

Her lærer du litt om korleis du bør behandle sterkt rusa personar.
Nattbussen kan vere ei utfordring for sjåføren.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sterkt rusa passasjerar høyrer sjeldan på fornuft. I tillegg er dei i liten grad i stand til å ta ansvar for seg sjølv. Eit transportselskap kan avvise rusa personar eller andre som kan vere til ubehag eller ulempe for dei reisande. Det er den som kontrollerer passasjerane når dei kjem om bord, som må vurdere om ein rusa passasjer kan bli eit problem på reisa. Denne avgjerda er vanskeleg.

Det er likevel betre å avvise ein sterkt rusa passasjer ved når han eller ho kjem på enn å inngå ein transportavtale og la passasjeren løyse billett. Då har passasjeren dei same rettane som alle andre passasjerar. Samtidig har transportselskapet tatt på seg det fulle ansvaret for at passasjeren kjem frå A til B.

Rusa passasjerar som sjenerer andre, må bli snakka til rettes. Hjelper ikkje dette, må dei bli utviste. Då vil det vere transportselskapet som er ansvarleg for at den utviste passasjeren er i stand til å ta vare på seg sjølv på utvisingsstaden. Om den rusa passasjeren skader seg etter å ha bli sett av, kan transportselskapet eller sjåføren bli stilte til ansvar.

I situasjonar der rusa passasjerar blir utviste under transport, må den rusa bli møtt av ein person som tar over ansvaret. Viss ikkje dette er mogleg, må politiet bli varsla og vedkommande bli halden tilbake til politiet kjem.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar