Hopp til innhald

Fagstoff

Barn som reiser aleine

Her lærer du litt om behova til barn som reiser aleine.
Eg reiser aleine!
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanlegvis reiser barn saman med ein vaksen. Dagleg reiser likevel barn aleine for så å bli tatt imot ved reisemålet. Barn som reiser aleine, treng ansvarlege personar undervegs som ser til at barna kjem fram til reisemåla. På transportmidla er det førarane som har dette ansvaret. På passasjerterminalane overtar terminalarbeidarar ansvaret.

Eit problem oppstår når ingen møter opp for å ta imot eit barn som er framme ved reisemålet. Derfor skal barnet ha med seg informasjon om føresette (avsendar og mottakar) på reisa. Då er det enkelt å ringje dei føresette for å avtale henting.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar