Hopp til innhald

Fagstoff

Reisande som er døve og høyrslesvekte

Her lærer du litt om behova til reisande som er døve og høyrslesvekte.
Person snakker mot øret til en annen. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døve må lese på munnen og bruke teiknspråk for å forstå kva du seier. Mange passasjerar er høyrslesvekte, ikkje så mange er heilt døve. Som servicemedarbeidar bør du kunne identifisere døve personar. Då kan du bruke enkle teknikkar for å kommunisere.

Døve har lært å lese på munnen. For at dette skal vere mogleg, må den døve sjå ansiktet ditt og munnrørslene dine. Den beste avstanden er 1─1,5 m. Samtidig må det vere godt lys på ansiktet ditt. I dårleg lys må du flytte deg til ein stad med betre lys eller skru på meir lys om mogleg. Samtidig må du sjå direkte på den døve når du snakkar. Artikuler tydeleg utan å overdrive. Snakk gjerne litt saktare enn normalt. Bruk korte setningar og enkelt språk.

Ver klar over at døve kan snakke. Dei har likevel ikkje høyrsle til å kontrollere stemma og uttalen. Om du har vanskeleg for å gjere deg forstått eller vil vere sikker på å bli forstått, kan du bruke papir og blyant og skrive ned meldingar, spørsmål eller svar.

Somme høyrslesvekte bruker høyreapparat som kan fange opp informasjon gjennom teleslyngje. Område som er dekte av teleslyngje, er merkte med symbolet T i ein sirkel.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar